Gå til hovedinnhold

Kan det freiste med «Dagens ferske bifangst»?


Liten fiskebåt på fjorden, med mange måsar som flyg rundt båten.

Kystfiskar på fjorden. Illustrasjonsfoto.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HI

Gjestekommentar i Fiskeribladet 31. mai: Betre tilrettelegging for utnytting av bifangst i kystfisket vil bidra til betre forvalting og auka matsikkerheit.

Landbruks- og matdepartementet skriv på si heimeside at matsikkerheit dreier seg om at alle skal ha tilgang til nok og trygg mat. Befolkningsvekst, klimaendringar, press på naturressursar og stigande råvareprisar dei siste åra har sett matsikkerheit høgt på dagsorden – både i Noreg og internasjonalt.

I krisetider er stabil matforsyning særleg viktig, og lokal og kortreist sjølvforsyning ein vesentleg faktor for matsikkerheit. Norsk småskaIa kystfiske har potensial til å oppfylle alle FN sine definerte dimensjonar av matsikkerheit: naturleg førekomst, tilgang til ressursen, berekraft, utnytting, stabilitet og riktig administrering av mat.

Data frå Havforskingsinstituttet sin referanseflåte for kystfartøy tyder på at den norske sjarkflåten har tilgang på større ressursar enn det som blir landa, og at det finst fleire moglege arter som kan utnyttast betre som matkjelder i framtida.

Viktig dokumentasjon av kystfisket

Kystreferanseflåten består av 20–25 fartøy under 15 meter som er valt på bakgrunn av reiskap, fiskeaktivitet og geografi. Dei fiskar hovudsakleg med garn og line, men også med reketrål på sørlandskysten. Målet er å ha ein flåte som er representativ for heile kystfiskeflåten.

Referanseflåten rapporterer all fangst, også ikkje-omsetteleg bifangst, med informasjon om alderen til fisken, lengd og vekt, bifangst, utkast og reiskap. Difor bidrar denne flåten til at vi kan dokumentere kva fiskeartar fiskaren får som det i dag ikkje er marknad for, og kor store kvanta og verdiar dette kan utgjere.

Kva blir kasta ut?

Kartlegging av kystfisket med garn viste at 31 artar hadde eit utkast på over 5 tonn per år, 15 artar over 50 tonn og 10 artar over 100 tonn per år. Når det gjeld art og storleik på fisken som grunnar til utkast, så er det rimeleg å anta at andre reiskap har tilsvarande utkast i forhold til antal sluttsedlar.

Taskekrabbe (ca. 1600 tonn) og trollkrabbe (ca. 300 tonn) er blant topp 5 artar som blir kasta ut i garnfisket langs kysten vår. Andre «utkast-artar» som går igjen er sei, havmus, lange, lyr, kveite, breiflabb og rognkjeks (alle over 100 tonn per år). På Vestlandet er svarthå,pigghå og skater blant dei mest talrike utkast-artane.

Utkast av torsk i kystfisket med garn nord for Stad er estimert til under 1 % av beholdt torsk. Høyrest lite ut, men det utgjorde likevel 200–500 tonn per år.

Sør for Stad viser resultata at utkastet av torsk kan vere over 10 %, og langs den norske Skagerrakkysten opptil 30 %. I tonn er det berre tidelen av mengda som blir kasta ut nord for Stad. Men kva kan grunnen vere til at andelen av torskefangsten som blir kasta ut i sør er så mykje større enn i nord?

Feil å berre skulde på fiskaren for utkast

Det er tre hovudgrunnar til utkast:

  • Fiskearten blir ikkje tatt imot av fiskemottaket.
  • Fisken er skada eller øydelagt på grunn av reiskap og/eller spist av rovdyr, gjerne på grunn av botnforhold eller lang ståtid.
  • Fangsten er dårleg betalt.

Stor variasjon mellom område langs kysten viser at nokon får betalt for bifangst som andre ikkje får levere. Med andre ord så er det ressurs-potensiale for større verdiskaping dersom forholda blir lagt til rette for det.

Dette viser også at fiskarar i enkelte område ikkje har anna val enn å kaste fisk på sjøen fordi fiskemottak ikkje har apparat for å ta imot. Då blir det feil å skulde fiskaren for utkastet, og då har vi ikkje eit mottaksapparat langs kysten som er rusta for å handheve det norske forbodet mot utkast.

Spennande moglegheiter

Restaurantbransjen vektlegg stabil tilgang på fersk (ikkje frosen) fisk. Dette krev rask logistikk til marknaden. Her ligg det nok eit spennande potensial til større verdiskaping gjennom utnytting av «dagens ferske bifangst» – dersom nødvendig logistikk kjem på plass og det blir gjort bærekraftig.

Nærleik til store tettstader og byar er sjølvsagt ein fordel. Nordhordland Fisk i Bøvågen nord for Bergen får for eksempel ikkje tak i nok bifangst til restaurantane i Bergen. Kanskje mottak og restaurantar andre stader kan lære og la seg inspirere, viss først logistikken blir lagt til rette?

Når dugande matressursar blir kasta over bord fordi fiskarane ikkje får levert og registrert fangsten, er det ein tap-tap-situasjon for økosystemet i havet og folk langs kysten – såframt bifangstfisket er berekraftig. Viss heile fangsten kan leverast og brukast, blir det vinn-vinn. No trengst det ein større debatt om kva som skal til for at vi kjem dit.

Les meir: Kystreferanseflåten: fra reketrålere i sør til skreifisket i nord