Gå til hovedinnhold

Mikroplast frå Europa hopar seg opp i Arktis

Havforskarar har modellert korleis mikroplast blir spreidd frå dei store elvane i Europa. Partiklane blir frakta med havstraumane nordover langs norskekysten til Polhavet, Grønland og Canada.

– Det har vore mange observasjonar av mikroplast i arktiske havområde. Denne studien viser korleis plasten hamnar der, og kor den endar opp, seier forskar Mats Huserbråten ved Havforskingsinstituttet.

Huserbråten er hovudforfattar av studien som nyleg er publisert i Nature-tidsskriftet Scientific Reports. Saman med HI-kollegaene Jon Albretsen og Cecilie Broms og Tore Hattermann frå Norsk polarinstitutt og UiT – Noregs arktiske universitet har han kartlagt dei mest sannsynlege drivbanane for mikroplasten som vi landskapningar dagleg skyl ut i havet.

Fann hovudvegane for plasten

I studien kombinerte dei modellar av havstraumane mellom 2007 og 2017 med simuleringer av bevegelsane til flytande mikroplast. Forskarane simulerte utslepp av mikroplast frå 21 store elvar i Nord-Europa kvar dag over ein tiårsperiode, og modellerte spreiinga av partiklane over fleire tiår.

Dei fleste partiklane dreiv nordover med straumane langs norskekysten. Utanfor Troms skilde dei seg i to hovudvegar:

  • Omtrent to tredelar dreiv austover langs Finnmarkskysten til Laptevhavet nord for Russland, før dei vart frakta inn i Polhavet, over Nordpolen, og deretter ut av Polhavet via Framstredet aust for Grønland.
  • Ein snau tredel av partiklane tok ein sving vestover mot Svalbard og rørde seg deretter sørover via Framstredet, langs øst- og sørkysten av Grønland og vidare langs nordaustkysten av Canada.

Forskarane såg også område der mikroplasten hopa seg opp. Desse var i Dei nordiske hava, Polhavet, Barentshavet, Laptevhavet og i Baffinbukta mellom Canada og Grønland.

Kan sirkulere i tiår

For å sjekka kor godt modellen stemte, samanlikna forskarane resultata med vassprøvar frå Svinøysnittet i Norskehavet. Svinøysnittet består av 17 punkt i ei linje utanfor norskekysten der det blir gjort regelmessige målingar. Prøvane vart samla inn mellom mai 2017 og august 2018.

Fordelinga av mikroplast i vassprøvane samsvarte med den som vart føresagt av modellen etter ti år med simulert spreiing og sirkulasjon gjennom Nordishavet, Polhavet og Framstredet.

– Dette tyder på at flytande mikroplast kan ha sirkulert i heile Arktis i minst ti år, seier Mats Huserbråten.

Les også: Plast på norske strender kommer fra de nærmeste havområdene

– Må regulerast strengare

Mikroplast er plastpartiklar på mindre enn 5 millimeter. Mikroperler som finst i kosmetikk og pleieprodukt og slitasje frå bildekk og syntetisk tøy er nokon av kjeldene. I tillegg blir større plastartiklar langsamt brotne opp til mikroplast i naturen. Partiklane blir funne att overalt frå havdjupet til sjøisen og i fisk og andre dyr.

Forskarane åtvarar om at mikroplasten kan ha alvorlege følgje for helsetilstanden til økosystema.

– Det er ikkje sånn at plasten forsvinn når den forlèt kysten vår. Sirkulasjonssystemet på den nordlege halvkula heng saman, det er som eit lukka kretsløp. Det betyr òg at plasten kan komma i retur, seier Huserbråten.

– Utsleppa av mikroplast må regulerast strengare, for dette sirkulerer i evigheita, understrekar forskaren.

– Modellresultata fortel også kvar vi bør drive med overvaking av plast: ved knutepunkt for transportvegar og i opphopningsområde. Det viser òg at det kan ta tiår før vi kan forvente respons på tiltaka, seier Tore Hattermann frå UiT og Polarinstituttet.

Les kronikken: Kronikk: – Den minste plasten er det største problemet

Referanse

Huserbråten, Mats, Tore Hattermann, Cecilie Broms og Jon Albretsen. «Trans-polar drift-pathways of riverine European microplastic». Scientific Reports 12, 3016 (2022). Lenke: doi.org/10.1038/s41598-022-07080-z