Gå til hovedinnhold

Fråts i forskings-TV med Hummerteina live


smilende kvinne med stor hummerteine foran seg

Forskningsteknikar Lene Christensen røkter teina kvar dag klokka 12, på kaia ved forskingsstasjonen vår i Flødevigen, Arendal. 

Fotograf: Christine Fagerbakke / HI

For tiande året køyrer vi direktesendingar frå hummarteina. Jubileet feirar vi med å fylle på med endå meir hummar i monitor.

Laurdag 1. oktober klokka 08.00 startar årets hummarfiske. Samtidig startar den populære livesendinga frå hummarteina ved forskingsstasjonen vår i Flødevigen utanfor Arendal. 

Det er tiande året på rad at HI leverer sakte-TV under hummarfisket. Det må sjølvsagt markerast – vi feirar med ekstrasendingar proppfulle av spennande hummarforsking.

Hummerteina: Sakte-TV med meining 

Teina er utstyrt med lys og kamera, slik at du kan følgje livet på sjøbotnen døgnet rundt. Teina vil stå ute til og med 12. oktober klokka 12.00 (Sjå daglege oppdateringar på slutten av saka.)

Også dette året er det overingeniør Lene Christensen som er programleiar og teine-dragar. 

Følg straumen her :

 

 

Det er forventa mykje hummar rundt og i teina, sidan denne står i fredingsområdet i Flødevigen. Her er det mykje meir hummar enn i område med fiske, og hummaren er betydeleg større.

Fangstdata frå Hummerteina live går inn i forskinga på effekten av fredingsområde for hummar.

Dette skjemaet blir oppdatert dagleg med fangsten som blir registrert i teina (ekstern lenke).

Forskingsfest: Fyldige ekstrasendingar dagleg kl. 12.30

Kvar dag den første veka med hummarfiske (3.-7. oktober) hadde vi direktesendte foredrag om hummarens liv og lagnad frå kaia, presentert av landslaget innanfor hummarforsking:

Måndag: Tap av reiskap, spøkelsesfiske og godt teinevett, med havforskar Susanna Huneide Thorbjørnsen

Tysdag: Bestandsstatus og -utvikling gjennom 90 år, med havforskar Alf Ring Kleiven

Onsdag: Hva driver egentlig hummeren med? med havforskar Sigurd Heiberg Espeland 

Torsdag: «Sex og samliv for hummarar» - forsking på hummarens kjønnsliv, med havforskar Tonje Knutsen Sørdalen

Fredag: Fredningsområder for hummar: Historien bak, kva vi har lært og kva vi har igjen å lære, med forskingssjef Jan Atle Knutsen

Sjå opptak frå foredraga i dei daglege oppdateringane under

Daglege oppdateringar og opptak av ekstrasendingane

Onsdag 12. oktober

Tre krabber, en hann uten klør som vi har hatt 3 ganger denne sesongen, og to hunner. Forskerne fikk besøk av en gjeng barnehagebarn i dag, så krabbene ble studert nøye før de ble sluppet ut igjen. Takk for i år til alle som har fulgt med på Hummerteina live!

Tirsdag 11. oktober

To hunnkrabber i teina. Teina ble satt ut igjen for siste gang i årets sesong, med en liten hilsen til seerne.

Mandag 10. oktober

En liten hunn på 24 centimeter og 450 gram var dagens fangst. Teina var egna med makrell i tomat og makrell uten tomtat.

Søndag 9. oktober

Fire krabber i teina denne andre søndagen i hummerfiskesesongen (eller 21. søndag i treenighetstiden ifølge kirkekalenderen). To av hvert kjønn.

Lørdag 8. oktober

Hummer i teina igjen: en voksen hunn på 36,9 centimeter (heia Jagland?) og 1500 gram med ei knuseklo på 6,2 centimeter. Denne har ikke blitt fanget tidligere. Teinerøkter Lene satte inn en lekebil fylt med reker i teina.

Fredag 7. oktober

Krabbefest i teina med to hannkrabber og en hunnkrabbe. Den ene hannkrabben var trolig den samme som i løpet av natta brukte glasset på teina som «sklie».

Torsdag 6. oktober

Én hummer i teina: en liten hann på 24,7 centimeter og 450 gram. Denne har også blitt fanget og merket av forskerne tidligere i år.

Vi byttet i dag glasset på teina siden det var knekt (sånt skjer når en tuller det til og setter ned teina åpen).

Onsdag 5. oktober

Ingen hummer, men en torsk på 42 centimeter i teina!

Tysdag 4. oktober

Ein hannhummar i teina som også var å sjå i fjorårets sesong av Hummerteina live. Då var han 27,6 centimeter lang; i år har han vakse til 30,6 centimeter. Hummaren var også registrert av forskarane i 2019.

​​​​​​​

Måndag 3. oktober

Nyfangst i Hummarteina live: Ein rugg på over to kilo og med ei knuselo på over 8 centimeter gjekk i teina for første gong. Han fekk følge av ein litt mindre, men fortsatt relativt vaksen hann på 1700 gram som også blei registrert i teina i fjor.

Søndag 2. oktober

To store hannar og ei litt mindre hoe var dei første gjestene i årets sesong av Hummerteina live. Den lengste hannen på 36,4 centimeter var også innom teina i 2021 og 2020, og har hatt ein vekst på nøyaktig 3,1 centimeter per år. Teina var egna med frosen makrell.