Gå til hovedinnhold

Jublar for pengar til unge HI-talent


Unge talenter på HI

Til saman har HI fått om lag 43 millionar kroner til fem nye prosjekt, med ei tematisk breidde frå plankton til laks, klimaendringar, miljøgifter og tareskog.

Fotograf: Privat

Fire unge, lovande HI-forskarar - og ein litt meir røynd, kan gle seg over friske midlar frå Forskingsrådet. 
 

Havforskingsinstituttet (HI) har mange dyktige, unge forskarar. Det kom tydeleg fram då Forskingsrådet si tildeling til Unge forskertalenter vart kjent torsdag. 

Heile fire av dei utvalte talenta er HI-forskarar; Johanna M. Aarflot, Aasim Ali, Malthe Hvas og Karen Filbee-Dexter. 

I tillegg fekk HI-forskar Thomas Wernberg tilslag i kategorien Forskerprosjekt for fornyelse. 

Heile fem av dei totalt 21 prosjekta som fekk midlar i denne runden, er HI-prosjekt. 

Ei utteljing som får havforskningsdirektøren til å ta fram utropsteikn og superlativ. 

– Fantastisk! Eg ynskjer å gratulera alle involverte med resultat og innsats, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. 

– Det er sjølvsagt ekstra stas at vi har heile fire unge forskartalent i år. All time high for HI i denne kategorien, og det viser at vi er godt akademisk rusta for framtida.  

Til saman har HI fått om lag 43 millionar kroner til fem nye prosjekt, med ei tematisk breidde frå plankton til laks, klimaendringar, miljøgifter og tareskog.