Klare for Rosendalsveko: Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø og klima- og miljøminister Espen Barth-Eide slo av ein prat på morgonkvisten, før det heile brakar laus i Rosendal måndag.
Fotograf: Bente Kristin Rundereim KjøllesdalHavforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø ønsker velkommen.
Fotograf: Bente KjøllesdalKlima- og miljøminister Espen Barth Eide innleiar om "korleis ha to tankar i hovudet samstundes?"
Fotograf: Bente KjøllesdalPanelsamtale med Helge Drange (UiB), Vigdis Vandvik (UiB), Espen Barth Eide (KLD), moderator er Mathias Fischer (Initiativ Vest)
Fotograf: Bente KjøllesdalPublisert: 07.08.2023 Oppdatert: 09.08.2023
Med fjord og fjell i bakgrunnen er ramma sett. Det skal bli siste nytt frå forskingsfronten, og det blir debatt. Det skal handle om alt frå kraftproduksjon og grøn næringsutvikling til småbruka si klimarolle og innovative løysingar i havbruk. Den raude tråden er eit grønare Vestland.
– Her møtest mange perspektiv til ei felles idémyldring om korleis vi saman kan verte rusta for framtida, både lokalt og nasjonalt. Det er utruleg motiverande, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
– Dette er ein av dei mest spennande arenaene for å snakke om klima og natur, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
– Vi har vakker natur rundt oss, men vi er samtidig også veldig nær på mykje av industrien som skal omstilla seg.
Havforskingsdirektøren er tilbake på kaikanten i Kvinnherads-bygda, for å delta på den fjerde utgåva av Rosendalsveko.
– Skal vi lukkast i møte med dei store utfordringane Vestlandet og Noreg står overfor, så må vi møtast på tvers av fag og roller. Kunnskapsdeling, gode samtaler og samarbeid er avgjerande når vi skal løyse energikrise, klimakrise og jobba fram eit meir berekraftig samfunn, meiner Kvamstø.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide forklarer kvifor vi skal sitte på vårt lille nes og diskutere: