Publisert: 26.01.2023
Det første året mitt som direktør for Havforskingsinstituttet blei endå meir spennande og utfordrande enn eg hadde venta. På godt og vondt.
I januar 2022 var fokuset på gjenopning etter koronapandemien. Snart skulle alt bli normalt igjen, trudde vi. I staden blei året sterkt prega av ein dramatisk krig i hjartet av Europa, og av galopperande straum- og drivstoffavgifter her heime.
Dyrtida har prega oss alle, både familiar, bedrifter og offentlege verksemder. For oss med fleire store forskingsfartøy i drift nesten kvar dag året rundt, skjønte vi fort at det kom til å bli dyrt.
Utgiftsauken er ikkje blitt kompensert med auka inntekter. Vi merkar at det er trongare tider også for det offentlege.
Over år har HI utvida med høg aktivitet på fleire område, i takt med stor etterspurnad etter kunnskap. Samtidig har vi ikkje vore gode nok til å sørge for inntening for dei auka utgiftene. No må vi kutte, og det betyr at vi ser på heile verksemda for å få budsjetta i balanse.
Lenge trudde vi at vi skulle klare oss utan nedbemanning. Men seint i november måtte vi gi den tunge beskjeden om at «Kristine Bonnevie» – eit 30 år gamalt fartøy, med høge driftskostnader – blir tatt ut av drift før planlagt tid, og at talet årsverk blant sjøfolka våre blir redusert.
Frå september 2023 vil «Bonnevie» gå med berre eitt skift. Ved årsskiftet 2024 blir fartøyet etter planen enten selt eller lagt i opplag. Parallelt kuttar vi talet toktdøgn med leigefartøy.
Det er ikkje til å unngå at dette får konsekvensar for kor mykje vi kan forske ved hjelp av skip – men vi tar grep for å unngå at det går ut over ressursovervakinga og kvoterådgjeving. I 2023 går tokta som planlagt, med unntak av «Bonnevie» sin del av kystressurstoktet om hausten. Dette blir korta ned.
Det gledelege er at vi snart får inn eit flunkande nytt og moderne forskingsfartøy. I løpet av januar blir det kystforskingsfartøyet «Prinsesse Ingrid Alexandra» levert frå verftet.
«PIA», som vi kallar ho, går rett inn i miljø- og ressursovervakinga på kysten. Vi undersøker om ho kan fylle inn noko for «Bonnevie» på kystressurstoktet viss alt går som det skal med utstyr og innkøyring.
Men på sikt er det klart at bruken av forskingsfartøy uansett skal ned. Det er det miljømessige og økonomiske grunnar til. Vi utviklar stadig betre analytiske metodar for å kompensere for mindre data frå fartøy. Dette skal hindre at anslaga våre av ressursane i havet blir meir usikre.
Ny teknologi vil også hjelpe oss. Ubemanna farkostar skal bidra til å samle ekkolodd-data. Med bruk av kunstig intelligens kan forskarane enklare finne mønster i store datamengder. Dette vil bli viktigare og viktigare i vår nye overvakingsstrategi.
Samtidig vil eg framheve verdien av samarbeid med næring og forvalting. Vi har over tid utvikla eit godt samarbeid der fangstdata frå fiskeria supplerer forskarane sine eigne data. Verdien av dei biologiske prøvane vi får gjennom fangstprøvelotteriet og referanseflåten blir viktigare enn nokon gong.
Vi ser at enkelte tokt er lågthengande frukter for å ta inn ubemanna farkostar supplert av fangstprøver frå fiskeria. Dette er eksempel på smarte måtar å jobbe på, som vi ser at også blir lagt merke til internasjonalt.
Havforskingsinstituttet er til for samfunnet og for at vi skal ta vare på dei rike ressursane og økosystema i havet i eit langsiktig perspektiv.
Der har vi og fiskerinæringa ei viktig felles interesse. Vi skal ikkje forske og lene oss tilbake, men vere med å utvikle løysingar i samspel med næring og forvalting. Med samarbeid og nytenking kan éin pluss éin bli meir enn to.
Som eg sa til Fiskeribladet i desember: Sjølv om vi må ta ned aktiviteten vår, skal vi levere på samfunnsoppdraget vårt. Det er opp til oss å levere innanfor dei rammene vi har. Det blir vesentleg meir krevjande no, men eg har god tru på at vi kan få til mykje.