Publisert: 09.06.2023
Det er kalkalgen Emiliania huxleyi som no blomstrar i Ryfylke og Hardangerfjorden.
Den eincella mikroskopiske planten har ei overflate som er dekka av små kalkplater. Når sollyset blir reflektert frå desse, får sjøen ein karakteristisk turkis farge.
– Det treng ikkje nødvendigvis vere så store mengder som det ser ut til, for Ehux, som vi kallar den, nærmast drysser om seg med kalkplater til vatnet rundt, seier planktonforskar Lars-Johan Naustvoll.
Emiliania huxleyi er ikkje farleg for folk eller fisk, sjølv om den dannar store og svært synlege blomstringar.
– Det einaste farlege kan vere redusert sikt for båtfolket. Fiskarar rapporterer også at det blir mindre fisk å få. Det kan henge saman med at også fisken får redusert sikt til å finne bytte, forklarar Naustvoll.
Det er ikkje sikkert kva som fører til at Ehux blomstrar. Den kan gjere det på tider og i område med svært lite næringssalt, men er sjølv mat for dyreplankton og skjel. Kalkalgene formeirer seg hurtig ved celledeling. Ein alge blir til to, som så blir til fire og så vidare.
Emiliania huxleyi er vanlegast i periodar med varmt vatn og rolege vindforhold. Algen har global utbreiing, mest vanleg frå tropiske til tempererte strøk, men den er også registrert i polare farvatn.