Gå til hovedinnhold

Frå ein småbåt set forskingstekniknarar ut ei stor ruse i Etnefjorden. Båten Emmy Egidius ligg litt lenger ute på fjorden og følgjer med. I bakgrunnen ser ein nokre spreidde hus, og vêret er strålande.

Elisabeth Stöger og Thomas de Lange Wenneck har sett ut rusa, og instruktør Gunnar Didriksen ser etter at alt er gjort rett.

Fotograf: Rune Nilsen/HI

Jaktar på lakselus i verdas vakraste undervisningslokale

Bli med ut på fjorden når årets lakselusteljarar skal lærast opp.

Utstyrt med ei ruse som dekkjer halve småbåten, set Elisabeth Stöger og Thomas de Lange Wenneck kursen mot ei vindstille bukt i Etnefjorden. 

Sveitten dryp nedover panna, og sola heng på sitt høgaste. Deltakarane terpar på arbeidsmetodar dei skal bruke dei komande månadane. Dei er på kurs i lakselusovervaking.

For når smolten vandrar frå elvene og ut i havet, er Havforskingsinstituttet der for å følgje med. 

Thomas står i ein småbåt på Etnefjorden. I vatnet ligg ei ruse, som han nettopp har sett ut. I bakgrunnen ser ein båten Emmy Egidius ligge på fjorden, og ein skimtar Etne sentrum
Thomas de Lange Wenneck inspiserer rusa frå småbåten. Foto: Bente Kjøllesdal/HI

Menneskeskapt problem

Kvar einaste sommar reiser HI langs kysten frå sør til nord, for å telje lakselus på vill laksefisk. 

Den vesle parasitten finst naturleg i norske farvatn, men i takt med at oppdrettsnæringa har vakse fram, har også omfanget av lakselus auka.

– Vi snakkar om eit menneskeskapt problem for villfisken som vi skal forvalte. Overvakinga er viktig for å vete kor mykje lakselus det er i dei forskjellige områda på kysten, fortel prosjektleiar Rune Nilsen.

Prosjektleiar Rune Nilsen står på dekk på båten Emmy Egidius. Han har på seg redningsvest og solbriller. I bakgrunnen ser ein Etnefjorden, og den klare blå himmelen.
– Eg har knapt gjort anna enn å arbeide med lakselus, fortel prosjektleiar Rune Nilsen. Foto: Bente Kjøllesdal/HI

Et skinn og blod

Fleire fisk fører til fleire vertar for parasitten. Men for laks, sjøaure og sjørøye er blindpassasjeren ei utfordring. 

Når lakselusa først har bite seg fast, et ho skinn og blod frå fisken. Det kan skape sår, stress og i verste fall død. 

Difor har Noreg eit nasjonalt overvakingsprogram for lakselus på vill laksefisk (NALO), som blir leia av Havforskingsinstituttet. 

Feltarbeidet er ein viktig del av det omfattande overvakingsarbeidet. I tillegg brukar havforskarane modellar som viser kor det er mykje og lite lakselus. 

– At overvakinga vert gjort over lang tid, gjev oss også mogelegheita til å sjå på endringar i lusesituasjonen, seier Nilsen.

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis. Arten kan verte delt i to underartar med L. salmonis salmonis i Atlanterhavet og L. salmonis oncorhynchi i Stillehavet. 

Utbreiing: Finst naturleg i norske farvatn. Omfanget har auka betrakteleg i takt med veksten i oppdrettsnæringa. 

Biologi: Lakselusa er ein parasitt med åtte livsstadium fordelt på tre frittlevande, to fastsitjande og tre mobile stadium. Etablerer seg på fisken i det tredje livsstadiet.

Størrelse: Vaksen hoe: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrengar), vaksen hanne: 6 mm.

Føde: Slim, hud og blod frå laksefisk. Lusene et først når dei sit på ein vertsfisk (fastsitjande og mobile stadium).

Formeiring: Heile året, men formeirar seg hurtigare ved høge temperaturar.

Spreiing: Frittlevande stadium spreier seg via fjord- og kyststraumar.

Nedkjemping: Førebyggjande luseskjørt og avlusing ved hjelp av reinsefisk, legemiddel, kjemikaliar eller mekaniske avlusingsmetodar. 


Ruse og garn

Medan Elisabeth og Thomas set ut rusa, siktar Viggo Edvardsen og Roger Lille Langøy seg inn mot strandkanten litt lenger nord på fjorden. 

Dei skal setje ut, og seinare ta inn att, fire garn. 

Fisk som vert fanga i garn må verte avliva etterpå. I felt brukar forskingsteknikarane difor ruse så sant det er mogleg. Det let dei sleppe fisken ut att, når alle lus er talde og mål tekne. 

Men nokre stadar er vasstraumane for sterke eller tidevassforskjellane så store at det berre er garn som gjer nytten.

Viggo og Roger står i småbåten. Dei skal til å setje ut garn. Dei har begge på seg oljehyre og redningsvest, og sular saman ledetråden for garnet.
Foto: Bente Kjøllesdal/HI

Medan Roger held stø kurs med småbåten, gjer Viggo klart første garn. 

På 1-2-3 er det ute.

Har lært opp hundrevis av teljarar

Litt lenger ut på fjorden, duvar båten «Emmy Egidius». Frå dekk følgjer instruktørane Rune Nilsen, Børge Alfstad og Gunnar Didriksen med på kursdeltakarane. 

– Dette går veldig bra, seier Rune fornøgd.

Han veit kva han pratar om. Sidan 2014 har han lært opp meir enn hundre lakselusteljarar, og han er sjølv del av feltarbeidet kvart einaste år. 

Har allereie bestått eksamen

Forskingsteknikarane står att tomhendte. Verken rusa eller garna hadde nokon fangst i dag. Det er midten av april, og framleis tidleg på året og sesongen. Men dei er ikkje rådlause. 

Rune har teke med aure frå fryselageret, slik at dei likevel får terpa på å telje lakselus i felt. 

Overingeniørane Anne Hege Straume og Laila Unneland går metodisk til verks. 

Dei har allereie gått gjennom eit separat luseteljingskurs og bestått eksamen, så dette har dei gjort før. 

– Eksamen er viktig for å sikre HI sin integritet, og for at ein skal kunne stole på registreringane vi gjer i felt. Det er berre dei luseteljarane som er best eigna som får fortsetje, slår Rune fast. 

0,7 millimeter store

Laila legg fisken i ein kvit plastbalje som kviler på knea, og slår på hovudlykta. 

– Der er éi, seier ho raskt. 

Forskningsteknikar Laila tel lakselus på ein aure. Auren ligg i ein kvit plastbalje som kviler mot knea hennar. Ho har på seg ei hovudlykt og blå eingongshanskar.
Foto: Bente Kjøllesdal/HI

Ho vrir og vender på fisken, og med ein liten pinsett sjekkar ho mellom finnane. Ho lyt vere nøye. Unge lakselus, såkalla kopepodittar, kan vere vanskelege å få auge på. Dei er berre 0,7 millimeter store.

Anne Hege noterer undervegs, både tal lakselus og stadiet til kvar enkelt. 

Lakselusa har åtte ulike stadium. Om ein identifiserer kva stadium lusa er i, kan ein seie noko om når fisken vart smitta. 

Når alle lus er registrerte, sjekkar forskingsteknikarane om prøveauren er PIT-merka, og måler kor lang og tung han er. Dei klipper ei genetikkprøve frå finnen, og skrapar av ei lita skjelprøve. 

Dei lyt ha dette i beinmergen, for i felt skal dei registrere fleire hundre fisk. 

Årets overvaking er i gang

I løpet av eit år utfører HI fleire tusen timar med feltarbeid i samband med NALO. Årets overvaking er no i gang for fullt. 

Forskarar og ingeniørar reiser langs kysten med småbåt, garn og ruse – og nokre deltek òg i lakselusovervaking frå fartøy med ein spesialbygd trål. 

– Vi startar alltid overvakinga i Sør-Noreg i tidsrommet like etter at smolten forlet elvene. Etter kvart som våren og smoltutvandringa flyttar seg nordover, kjem vi sigande etter. 

Innan NALO vert avslutta i Finnmark i slutten av juli, har dei dekt store delar av kysten og vore innom alle dei 13 produksjonsområda for opprett av laksefisk.

 

Sidepanel

Kontakt

Rune Nilsen

Sjefingeniør
45229851