Gå til hovedinnhold

Ingen store klimaeffektar på kvikksølvnivået i skrei


En torsk i havet. Torsken svømmer nær havbunnen, rett over noen steiner som er dekket av sjøanemoner og andre bunnarter.

Høgare vasstemperaturar og minkande sjøis har ikkje gjeve store utslag på kvikksølvnivået i skrei. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Høgare havtemperaturar fører ikkje til høgare kvikksølvkonsentrasjonar i nordaustarktisk torsk, syner ny gransking.

Havforskarar har granska og sett saman 121 år med data om havtemperaturar, 41 år med informasjon om kor sjøisen strekk seg og 27 års data om kvikksølvkonsentrasjonen i skreifiletar. 

I all dataen har dei leitt etter svar på eitt stort spørsmål: Påverkar klimaendringar kor mykje kvikksølv som hopar seg opp i skreien? 

No ligg resultatet føre: 

– Vi såg ikkje store klimadrivne effektar på akkumulering av kvikksølv i denne viktige fiskebestanden, seier havforskar Michael Bank, som er hovudforfattar på artikkelen i tidsskriftet Environmental Pollution

Artikkelen er ein del av det femårige EU-prosjektet MERFISH, som granskar korleis kvikksølv vert overført frå fisk til menneske.

Stabile kvikksølv-førekomstar

Kvikksølv er eit giftig tungmetall, som kan føre til alvorlege skadar på nervesystemet. Det meste av kvikksølvet vi får i oss stammar frå maten vi et, særleg fisk og sjømat. 

I den nye artikkelen er kvikksølvkonsentrasjonen i skrei granska saman med dei langsiktige klimatrendane med minkande sjøis (1979 – 2020) og aukande vasstemperatur i Barentshavet (1900 – 2020). 

Resultata tyder på desse ikkje gjev store utslag på mengda kvikksølv i nordaustarktisk torsk. 

– Vi observerte låge og stabile konsentrasjonar av kvikksølv i torsk i den granska perioden 1994-2021, trass markant auke i temperaturane i Barentshavet og nedgangen i sjøis i området, seier Bank.

I snitt inneheldt skreien ein kvikksølvkonsentrasjon på 0,022–0,037 mg/kg våtvekt. Til samanlikning er grenseverdien for kvikksølv i torsk i høve til lovleg sal sett til 0,3 mg/kg våtvekt.

Ein viktig indikator for sjømatsikkerheit

Forskaren presiserer at det kan endre seg i framtida, og at stoda kan vere annleis for andre typar miljøgifter. Men med omsyn til kvikksølv, er det godt nytt. 

– Skreien er ein nøkkelindikator for sjømatsikkerheit i Arktis og via eksport er han eit viktig bidrag i den globale mattryggleiken, så dette er gode nyheiter, seier Bank. 

Referanse:

Bank MS, Ho QT, Ingvaldsen RB, Duinker A, Nilsen BM, Maage A, Frantzen S. 2023. Climate change dynamics and mercury temporal trends in Northeast Arctic cod (Gadus morhua) from the Barents Sea ecosystem. Environmental Pollution 338, 122706.