Gå til hovedinnhold

Deler av vraket på litt avstand.

Deler av ubåten.

Fotograf: Mareano / Havforskningsinstituttet

Fann ukjent ubåt-vrak frå 2. verdskrig

Etter over 80 år på havbotnen er det som truleg er vraket av den britiske ubåten HMS Thistle oppdaga utanfor Rogaland. 

Funnet vart gjort i samband med at biologi og geologi på havbotnen skulle dokumenterast gjennom Mareano-programmet. Ubåten vart oppdaga i vår, men det er først no, i samband med eit nytt tokt, at identiteten på den er klarlagt. 

Bilde av en fisk som stikker hodet ut fra vraket..
Ein fisk gøymer seg i vraket.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

Endå eit ukjent vrak?

Då vår-toktet skulle planleggast, såg forskarane nokre underlege strukturar på kartet. Nysgjerrigheita tok overhand og det blei prikka inn ein stasjon. Her måtte det avklarast kva som hadde dukka opp. Kunne det vere eit nytt vrak som ingen viste om?

Og fasiten landa på akkurat det: Det dukka nemleg opp eit vrak på skjermen i kontrollrommet då botnen vart undersøkt med kamera – og ikkje kva som helst slags vrak: det var ein ubåt. Og det etter at dei allereie hadde funne fire vrak, der alle utanom eitt var ukjende. 

– Det er ikkje så ofte eg er i videorommet når nye stasjonar vert undersøkte, men på akkurat denne var nysgjerrigheita vekt allereie før videoriggen gjekk i vatnet, seier senioringeniør Kjell Bakkeplass. 

Og det var kanskje ikkje så rart. Under toktet hadde det vokse fram ein gryande mistanke om at det truleg ikkje var eit korallrev likevel.  

– Likheita mellom vrak-strukturane vi alt hadde undersøkt, og dette, var slåande, seier han.  

Kameraet avslørte ubåten

Vraka dei hadde funne tidlegare på toktet var godt synlege strukturar på dei detaljerte karta forskarane frå NGU og HI brukar når dei planlegg kvar dei skal ha stasjonar. Sidan oppgåva deira i Mareano er å kartlegge kva som er på havbotnen, må sjølvsagt slike litt underlege strukturar undersøkast nærare. Mistanken om at det var endå eit vrak, vart fort bekrefta.  

– Etter å ha undersøkt vraket ved hjelp av kamera, kunne vi fort konstatere at det var snakk om ein ubåt, seier Bakkeplass.  

Medan dei andre om bord fortsette arbeidet med å finne ut kva artar som lever på havbotnen i dette området og kva den består av, begynte Bakkeplass å leite etter opplysningar om ubåten. 

– Sidan det ikkje var merka av noko vrak akkurat her, sjekka eg om det var nokre ubåtar som var sakna i området og som kunne stemme overeins med korleis vraket såg ut.  

To sakna ubåtar 

Etter at diverse oversikter var undersøkt, fagpersonar konsultert, inkludert både den norske og britiske marinen, var det klart at det var snakk om ein britisk ubåt. 

Men akkurat kva ubåt var framleis uklart, det kunne vere éin av to: HMS Oxley eller HMS Thistle. Den eine senka like før og den andre under 2. verdskrig. 

– Ut frå bileta blei det avklart at det var ein britisk ubåt, og tilgjengelege opplysningar kunne tyde på at det var vraket av HMS Oxley som var nærast, fortel Bakkeplass. 

Etter at dei kom i land og fekk kontakta ubåt-ekspertar, sjøfartsmuseum og fagpersonar, viste det seg at det var store sjansar for at det var HMS Thistle.   

– Etter at fleire hadde studert bileta, landa vi på at det truleg er HMS Thistle, men bileta viste for få detaljar til at det kunne endeleg avklarast.  

Nytt tokt identifiserte «Thistle» 

I samband med at Mareano-programmet, som er eit samarbeid mellom NGU, Kartverket og HI, gjennomførte eit nytt tokt no i oktober, dukka det opp ein sjanse til å prøve å identifisere vraket. 

Før sjølve kartleggingsarbeidet på toktet kan starte, må utstyret testast. Det blir gjort før ein kjem fram til kartleggingsområdet. Denne gongen skulle forskarane gjere undersøkingar i Skagerrak, og dermed passerte forskingsfartøyet G.O. Sars ubåt-vraket på veg sørover.  

– På førehand visste vi kva kjenneteikn vi skulle sjå etter, dermed klarte vi å identifisere vraket som  “Thistle”, men med eit lite atterhald om at det er Royal Navy som står for den endelege identifiseringa, fortel Kyrre Heldal Kartveit som er toktleiar på dette toktet. 

Etter at vraket var undersøkt, sette forskingsfartøyet G.O. Sars kursen mot meir vanlege stasjonar. 

– Vi skal kartlegge delar av Skagerrak der det er til dels utfordrande terreng med bratte skrentar og djupe undervass-dalar slik at vi kan teikne eit representativt kart på kva som er på havbotnen i desse områda – før det eventuelt blir oppretta forvaltingsområder eller starta opp med industri her, seier han.

Krigsgrav 

Om HMS Thistle si siste ferd veit vi at den enda 10. april 1940. Då blei den senka av ein tysk ubåt. Ingen av mannskapet på 53 overlevde. 

– På den tida brukte navigatørane peilingar og kvadrat og ikkje GPS slik som i dag. Det gjer at posisjonen for senkinga er unøyaktig, seier Bakkeplass. 

Når det gjeld HMS Oxley, blei den ved ei feiltaking senka av ein annan britisk ubåt 10. september 1939. To av mannskapet overlevde, medan 53 omkom. Også her er posisjonen for senkinga til dels ukjent. I tillegg til uklårheit om siste overflateposisjon, er det umogeleg å seie noko om kor langt dei har drive frå dei blei senka og til dei hamna på botnen.  

No ligg «Thistle» på 160 meters djup utanfor Rogaland. Sidan det er snakk om ein ubåt som er senka under krig, er fartøyet å rekne som ei krigsgrav. Den britiske marinen har eigedomsretten til vraket. 

Del av skroget.
Detalj på vraket.
Foto: Mareano / Havforskingsinstittet

Dei seks andre vraka 

I tillegg til ubåten, blei det observert seks andre vrak på toktet i vår. 

Berre eitt av desse var kjent frå før. 

– Vraket av lasteskipet Azalea var kjent før vi undersøkte området med videoriggen. Dette fartøyet forliste i mars 1990, ca. 8 nautiske mil NNV av Utsira. Her omkom tre av bergingsmannskapet, seier Bakkeplass. 

Alle vrakobservasjonane er rapporterte inn til Stavanger museum som er ansvarleg for vrak som blir funne i dette området. 

...og ein flymotor 

I tillegg til alle vraka, dukka det opp ein annan kuriositet på toktet. 

– Det vi trudde var delar av ein gamal vinsj, viser seg mest truleg å vere ein flymotor, også den frå krigens dagar, seier Bakkeplass. 

Og om flymotorekspertane i Norsk Luftfartsmuseum har rett, kan motoren vere svært unik.    

 

Sidepanel

Om Mareano:

  • Mareano kartlegger dybde, bunnforhold, biologisk mangfold, naturtyper og forurensning i sedimentene i norske kyst- og havområder.
  • Kartleggingen utføres i et samarbeid mellom Havforskningsinstituttet (HI), Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Kartverket.
  • De tre samarbeidspartnerne utgjør også utøvende gruppe i Mareano, og gjennomfører den daglige driften.
  • Det overordnete ansvaret ligger hos programgruppen som ledes av Miljødirektoratet.

www.mareano.no


Deler av vraket på litt avstand. En finne stikker opp fra det.

Oversiktsbilde av deler av vraket.

Fotograf: Mareano / Havforskningsinstituttet