Gå til hovedinnhold

Førdefjorden: Dei minste partiklane kan føre til større spreiing enn det tillatne


dekket på en båt i fart med en blå fjord og snøkledde fjelltopper i bakgrunnen

Frå forskingstokt i Førdefjorden. 

Fotograf: Anna Hollænder/Havforskningsinstituttet

Spreiinga av finpartikla avfall kan føre til konsentrasjonar over grenseverdiane i løyvet for gruvedrifta. 
 

Når ein slepp ut gruveavfall i ein fjord, vil dei grovare partiklane frå avfallet søkja til botnen ganske raskt og bli verande der.  
 
Men finpartikla avfall kan bli spreidd med straumen, og dermed påverka eit mykje større område.  Slik kan marint liv, både over større avstandar og høgare oppe i vassøyla, kunne bli påverka av utsleppet. 
 
Kor omfattande spreiinga av denne finfraksjonen er, har altså betydning for kor store konsekvensane av fjorddeponi av gruveavfall blir, for dyreliv og miljø. 

Har vore usikkert kor stor spreiinga blir i Førdefjorden 

Havforskningsinstituttet (HI) har i sine høyringsfråsegn knytt til etablering av sjødeponi i Førdefjorden påpeika at ein i konsekvensutgreiingane manglar kunnskap om omfanget av finfraksjon.
 
– Vi meiner at å vite kor mykje finpartikla avfall som kanskje vil spreie seg i fjordsystemet er kunnskap som er sentral for å kunne seie noko om korleis fisk, andre marine dyr og miljøet i Førdefjorden vil bli påverka av dette sjødeponiet, seier HI-forskar Lars Asplin. 

Har kombinert modellar med målingar 

Asplin har saman med Mari S. Myksvoll på HI vore rettleiar for mastergradstudent Sofie Arstein, som fekk i oppgåve å modellera nettopp spreiinga av finfraksjonen. 
 
– Eg har kombinert ein modell over straumane i området, med ein modell for korleis partiklar spreiar seg i vassmassane. For å kvalitetssikre resultata frå straummodellen, har vi også målt straumen i området i perioden februar til mai 2022, fortel student Sofie Arstein. 
 
–  Eg fann at modell og målingar samsvarar godt. Det betyr at straummodellresultata representerer eit realistisk tilfelle og kan brukast med rimeleg sikkerheit til å rekne ut korleis partiklane blir spreidd i fjorden. 

Går over grensa med berre 1 prosent finfraksjon 

Resultata viser at konsentrasjonen av gruvepartiklar i vatnet i periodar vil bli høgare enn grensene sett i utsleppsløyvet. Det gjaldt også for sedimenteringa, altså nivået av gruvepartiklar i dei laga som havbotnen består av. 
 
– Dersom berre ein prosent av gruveavfallet som blir slept ut er finpartikla, så vil ein kome over dei lovlege utsleppsgrensene for både vatn og sediment, fortel rettleiar og HI-forskar Lars Asplin.  
 
– Eg fann også at det er vesentleg kva djupn ein slepp ut gruveavfallet på. Eg testa kva som skjedde med partiklane når dei blei slept ut på 280, 250, 150 og 100 meters djup. Det viste seg at dess grunnare utsleppsdjup, dess meir spreier partiklane seg i fjorden, forklarer Arstein.

Framleis uklart kor stor del av avfallet som vil vera finpartikla 

Det er i dag ikkje dokumentert kor stor prosentdel av gruveavfallet som vil vera så smått som finfraksjon. 
 
– Men som vi ser i denne oppgåva, så skal det ikkje mykje finpartikla avfall til, før ein går over utsleppsgrensene, seier forskingsdirektør Geir Huse.  
 
– Havforskingsinstituttet meiner desse resultata underbyggjer at sjødeponi ikkje er ein berekraftig bruk av Førdefjorden. 

Referanse  

Sofie Arstein. Dispersion of Mine Particles in Førdefjorden. Master theses, Universitetet i Bergen, 2023.