Gå til hovedinnhold

Havbruksutvalet har levert


Geir Lasse Taranger

Forskingsdirektør Geir Lasse Taranger er med i Havbruksutvalet og er ein av dei som har skrive den nye rapporten.

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

Etter to års arbeid har Havbruksutvalet i dag overlevert rapporten som mellom anna omhandlar korleis oppdrettsnæringa kan få ei meir berekraftig framtid til Nærings- og fiskeridepartementet.

Utvalet har mellom anna vurdert målsettingane for tillatelsesreguleringane, heilheta i systemet og korleis det kan tilpassast eksisterande og nye utfordringar.

Det har vore eit nyttig og interessant arbeid. Frå vår side har vi spesielt levert på det som går på tilstandsbeskriving av kysten og kvifor næringa må endre måten dei produserer på, fortel forskingsdirektør Geir Lasse Taranger.

Som medlem i utvalet har han bidratt med HI-kunnskap om oppdrettsnæringa. Den spenner frå dyrevelferd, til kor det er lurt å plassere oppdrettsanlegg, kva som skjer med rømt fisk og korleis lakselus og annan smitte spreier seg frå anlegga og ut i naturen.

Oppdrettsnæringa er ei spanande og viktig næring, men det er klart at den har ei rekke utfordringar som må løysast før vi kan seie at drifta er miljømessig berekraftig, seier han.

Havforskingsinstituttet har tidlegare trekt fram både at det er nyttig og viktig med samarbeid mellom næring, forvalting og forsking for å få løyst problema med lakselus. Og klarer vi å løyse dei, vil det truleg bli ein domino-effekt slik at også andre utfordringar blir påverka i positiv retning.

Dette viser også igjen i havbruksmeldinga, seier Taranger.

Medlemmane i utvalet har brei bakgrunn og består av fagpersonar med ulik bakgrunn og kunnskap.

Vi har hatt mange interessante diskusjonar i arbeidet. Det er nyttig og lærerikt å sjå næringa frå andre perspektiv enn dei vi har fokus på her på Havforskinga, seier Taranger.