Gå til hovedinnhold

Sensasjonelt manetsyn i Noreg: – Dette er ein uhyre sjeldan gjest


Maneten bidevindseglar som har drive i land på ei strand. Maneten ser nesten ut som ein liten båt med segl. Basen på maneten er blå, medan eit gjennomsiktig segl stikk opp.

Dette er eit illustrasjonsfoto av ein bidevindseglar som har drive i land på ei strand.

Fotograf: Evan Baldonado/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Bidevindseglaren har drive til norskekysten. Det har berre hendt éin gong før.

– Eg vert berre meir og meir fascinert over denne arten, seier manetforskar Tone Falkenhaug engasjert. 

Den siste veka har ho fått inn to observasjonar av den særeigne maneten bidevindseglar. 

Han har berre vorte observert i Noreg éin gong før for over ti år sidan. I 2011 dukka han nemleg opp på vestsida av Lofoten. 

Gjennom portalen Dugnad for havet, vart han meldt inn 7. september ved øyane Tromlingene på Sørlandet og 10. september ved Bulandet og Værlandet i Vestland.

– Maneten lever i alle verdshava, men i varmare havområde – i tropiske og subtropiske område. Det er uhyre sjeldan han dukker opp langt nord, men med spesielle vindforhold kan han drive langt, forklarar manetforskar Tone Falkenhaug. 

Han er òg nyleg observert i Sverige – då for aller første gong. 

Manetforskaren fortel at bidevindseglaren (Velella velella på latin) er ein utruleg spennande skapning. 

Ein bidevindsseglar som ligg i handflata til ein person.
Pigmentet som gjev maneten blåfargen sin, vernar mot det sterke sollyset han vert utsett for i havoverflata. Denne bidevindseglaren har drive til Vestlandet, til Bulandet og Værlandet. Foto: Astrid Thorsen Landøy/Dugnad for Havet

Lever på opent hav

Lenge trudde ein at bidevindseglaren var ein kolonimanet, men Falkenhaug forklarar at dette er ei feiloppfatning som heng igjen frå eldre forsking. Nyare forsking syner nemleg at bidevindseglaren er eitt individ. 

Som andre småmanetar har han ein fase som fastsitjande polypp og ein fase som frittsvømmande manet. 

– Men bidevindseglaren lever midt ute på opent hav, og der er det langt, langt ned til havbotnen. Dette har han løyst med å heller bruke overflata som underlaget han festar seg til, seier forskaren.  

Endå bidevindseglaren kan vere til forveksling lik maneten portugisisk krigsskip, så høyrer dei altså til to ulike grupper manetar. 

Portugisisk krigsskip er ein kolonimanet, kjend for å ha ei neslegift som svir veldig om ein får nærkontakt med tentaklane hans. 

Bidevindseglaren har òg neslegift, men ho er så svak at du nok ikkje brenn deg om du får ho på fingrane. 

Eit uløyst mysterium

Den vesle maneten ser nesten ut som ei lita jolle med seglet til topps. Sjølv om ein kallar det eit segl, så er det meir som ein kjøl – polyppen sit nemleg opp-ned. 

– Når polyppen ser oppover mot himmelen, ser han eigentleg ned mot havdjupet, seier Falkenhaug. 

Seglet let maneten drive dit vinden fører han. Det er også difor han har fått namnet sitt bidevindseglaren på norsk, og på engelsk by-the-wind-sailor

Men dette seglet er ikkje berre praktisk for maneten, det er òg spennande for forskarane.

Nokre bidevindseglarar har nemleg segl som er vridd mot venstre, medan andre har eit som er vridd mot høgre. 

– Dette er eit lite mysterium som til no ikkje er løyst. Men ein teori er at vridninga samsvarar med kva vind som dominerer i området maneten er, forklarar Falkenhaug. 

I California, som ligg på vestsida av Amerika, er det ofte nordleg vind og der dominerer dei venstrevridne bidevingseglarane. Vindretninga og seglposisjonen gjer då at manetane vert dytta ut frå land. 

– Uvanlege vindforhold, som under El Niño eller ein veldig sterk pålandsvind, kan då òg føre til massestranding av desse manetane. Det har vore observert i år. 

Det er nok også slik maneten har enda opp langs norskekysten – han har drive på tvers av verdshava med nokre uvanlege vindkast og straumforhold. Manetane som no har vore på besøk, er truleg den venstrevridne varianten.

Ei hand som held bidevindsseglaren.
Denne bidevindseglaren dukka opp i Tromlingene. Truleg overlever ikkje bidevindseglarane som dukkar opp langs norskekysten – her er det nok for kaldt i vatnet. Foto: Dugnad for havet

Har sin eigen sukkerfabrikk

Bidevindseglarane lever av små dyreplankton, og kan òg forsyne seg av småfisk. Desse får han tak i ved hjelp av korte tentaklar på undersida. Når han driv i overflata over verdshava, kan det av og til vere vanskeleg å få fatt i mat. 

Men maneten har gjerne «niste» – ein liten sukkerfabrikk heilt for seg sjølv. 

Han kan nemleg leve i symbiose med algen zooxantheller, som vanlegvis teamar opp med korallar.

Algen har fordel av dette gjensidige nytteforholdet fordi han får næringsstoffa som maneten skiller ut. Bidevindseglaren på si side får sukkeret som algen produserer gjennom fotosyntese. 

– Slik kan maneten overleve midt ute på opent hav, der det er lite mat.  

Sjølv er bidevindseglaren fôr for nokre typar fisk, som månefisken, men òg for nokre artar nakensnigel. 

Ein bidevindsseglar sett ovanfrå.
Dette er bidevindseglaren som dukka opp på Tromlingene. – Dette er ein uhyre sjeldan gjest, seier manetforskar Tone Falkenhaug. Foto: Dugnad for havet

Sei frå! 

Endå Tone Falkenhaug vart enormt entusiastisk av den sjeldne manet-observasjonen, så hadde ho vorte meir overraska for 20 år sidan enn det ho vart no. 

– Eg vert mindre og mindre overraska over dei spesielle observasjonane vi får inn, sidan vi har sett at ting endrar seg i havet – og det gjeld ikkje berre for plankton. At ein og annan art som kan drive på tvers av verdshava dukkar opp er eit naturleg fenomen, men klimaendringane vil bidra til at vi oftare får slike gjester. 

Om du får auge på ein bidevindseglar – sei frå! Registrer funnet ditt på dugnadforhavet.no