Gå til hovedinnhold

Hodet til en ål stikker fram mellom tang og tare.

Framleis er det mange spørsmål om livet til den europeiske ålen. Havforskar Caroline Durif håpar å finne nokre svar. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Slik kan blod og parasittar avsløre ålens hemmelege liv

Nye metodar kan kaste meir lys over kor mange ålar som vel å verte verande i havet.  

Frå ålen klekker midt ut på havet, er det straumane som bestemmer kor han ender opp. 

Nokre larvar driv sørover, mot den nordafrikanske kysten. 

Nokre tek vegen mot kysten av Europa.

Andre igjen vert ført nordover til norskekysten. 

Alle desse høyrer til den same bestanden europeisk ål. 

Felles for dei, er at dei skal legge ut på den same eventyrlege reisa seinare i livet. Som tenåringar vender dei snuten mot Sargassohavet for å gyte. Innan dei når fram, har dei lagt bak seg fleire tusen kilometer og fleire månadar.

Men livet dei lever før dei dreg på langtur, er ikkje nødvendigvis det same. 

 «Norsk» ål vel uvanlege liv

Lenge trudde ein at ålen var eit klassisk døme på ein katadrom art, noko som betyr at han veks opp i ferskvatn og gyt i saltvatn. 

– Men det er nokre ålar som ikkje går opp i ferskvatn i det heile, og vi er usikre på kvifor, seier havforskar Caroline Durif. 

Ho har brukt tallause timar i vadebukser med vatn opp til knea i ålens habitat. Der leitar ho etter svar på dei mange spørsmåla ein framleis har om denne eldgamle arten. I fjor vart ho òg medleiar i åleutvalet i Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).

Eit av spørsmåla havforskaren har granska er nettopp kva livsstrategi ålar vel. 

Mange ålar seg opp ei elv, men nokre «alternative ålar» vert heller verande i sjøen heile livet eller vekslar mellom ferskvatn og saltvatn. 

Her heime er desse «alternative ålane» vanlegast:

– Det er viktig å høyre på fiskarane, for dei veit kor fisken er. Historisk har det norske ålefisket stort sett vore i sjøen – for her omkring er det der ålen har vore mest. Han er ikkje så mykje i ferskvatn som ål på kontinentet, seier havforskaren. 

I dag er all fiske av ål i Noreg forbode, noko det har vore sidan 2010. Talet ål har vore rekordlågt dei siste tiåra, og arten er rekna som sterkt truga i Artsdatabanken si raudliste.

For å finne ut meir om ålen, har likevel kring 30 fiskarar løyve til å fiske ål til forskingfangst. Dataen hamnar hos Durif.

En ål ligger på et målebrett. Eit par hender holder i en tommestokk, som måler lengden på finnen til ålen.
– Gjer vi noko for å verne ål i norske farvatn, betyr det ikkje at vi får mykje ål neste år. Etter dei klekker i havet, er det tilfeldig kor dei hamnar, seier Caroline Durif. Arkivfoto frå forskningsfiske etter ål: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Når ein ikkje kan telje ålen, kva då?

Kor mange ålar som lever i sjøvatn er vanskeleg å finne eintydig svar på. 

Enklare er det å ha oversikt over kor mykje ål som veks opp i ferskvatn. Då kan ein nemleg telje kor mange glasålar som vandrar oppover elva. 

– Ål i sjøen er eigentleg ganske ukjent.

Men det finst nokre metodar som kan kaste meir lys over det som til no er eit lite mysterium. 

Øyresteinen 

Som andre fisk, har ålar ein otolitt – òg kalla ein øyrestein. Denne kan fortelje forskarane ei heil rekkje ting: som kor gammal ein fisk er, kor mange gangar han har gytt, kva forureining han har vorte utsett for og kva vandringsmønster han har hatt. 

Mikrokjemiske otolitt-analysar kan òg fortelje forskarane om salt-historia til ålen. Har han berre vore i saltvatn, eller har han òg vore i ferskvatn?

– Dei kjemiske forskjellane i vatn vert spegla i otolitten, etter kvart som han beveger seg frå eit habitat til eit anna, forklarar Durif. 

Men metoden har sine ulemper. For det første må ein ta livet av ålen, då øyresteinen sit i hovudet. Det er òg tidkrevjande å førebu og analysere otolittar.  

Øyresteinen er heller ikkje som eit komplett leksikon, der ein kan lese av all informasjonen ein treng. Han «loggar» ikkje nødvendigvis hurtige forflyttingar.

Feittsyrene

Det er ikkje berre øyresteinen som ber preg av kor ålen har vakse opp. Det same gjer feittsyrene han har i kroppen – dei fortel kva ålen har ete og kor desse måltida har funne stad. 

– Om du et mykje sjømat, så får du mykje omega-3 i deg. Det gjeld òg for ålen, forklarar Caroline Durif. 

– Samstundes får ålen som går opp i ferskvatn meir omega-6, ein feittsyre som er viktig for gyting, enn ålen som vert verande i sjøen. 

Både otolittanalysar og feittsyre-gransking er velkjende metodar, som særleg i kombinasjon med kvarandre kan svare på kvar ålen har budd og bevegd seg. 

Men nye verktøy har også kome på plass i metodeskrinet.

En lang europeisk ål på havbunnen. Han er brun i fargen, noe også omgivelsene hans er.
Ålen som held seg i sjøen, veks dobbelt så raskt som ålen som går opp i ferskvatn og modnar i tillegg tidlegare. Ferskvassålen får derimot større energilager og meir av feittsyrene som er viktige for gytinga. Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Blodprøva

Ein nyare metode har vist seg å vere like presis som øyresteinen, men meir skånsam: 

–  Ei lita blodprøve! Det er ein veldig spennande metode for å sjå om ålen har halde seg i ferskvatn eller i havet, seier ål-eksperten.

For det er òg nokre fysiske endringar i ålen, når han går frå saltvatn til ferskvatn. Metabolismen hans endrar seg. Denne endringa gjev ulike RNA-molekyl, noko forskarane kan lese av i ei blodprøve. 

Metoden gjer det mogeleg å fiske ål i felt og ta ei blodprøve, utan at han må bøte med livet. 

– Og blodprøven gjev pålitelege svar. Vi klarar faktisk sjå kor ålen har opphalde seg i nesten 100 prosent av blodprøvene, seier Durif.

Les meir om metoden i denne saka.

HI-forsker Durif tar blodprøve av en ål
Her tar HI-forsker Caroline Durif blodprøve av en ål på feltarbeid i 2022. Foto: Havforskingsinstituttet

Parasitten

Sist, men ikkje minst, kan ålen ha blindpassasjerar som tystar om kor han har vore:

– Det er nokre parasittar ålen berre kan få i ferskvatn, og som fisken beheld heile livet. Ålen vert ikkje kvitt dei, rett og slett, så om han har slike parasittar har han vore i ferskvatn, forklarar havforskaren. 

Men det trengst mykje ekspertkunnskap for å nytte metoden til det fulle.

Den europeiske ålen kan vere vert for minst 161 ulike parasittar. Ein skal ikkje berre identifisere kva parasitt det er, men ein lyt òg ha kjennskap til livssyklusen til parasitten og kor lenge han plar halde seg på ein vert.

– Denne metoden er ikkje så etablert i ål, men vi arbeider med saka, seier Durif. 

Den ukjende ålen

Men kvifor har det noko å seie, kor mange ålar som vel eit liv i saltvatn? Fordi det fortel oss noko om korleis den kritisk truga bestanden er sett saman.  

Ål vert rekna som ein delikatesse, og det europeiske fiskeriet har difor vore omfattande. 

Anten det er yngelen – dei små gjennomsiktige glasålane – som vert eten som spagetti eller den vaksne ålen som gjerne vert røykt og servert. Ekstra god er ålen om han er i puberteten – proppa full av feitt.

Mange små glasåler ligger sammen. De er gjennomsiktige, og man kan se organer, sorte øyner og en brun stripe langs kroppen.
Når ålen er liten og gjennomsiktig, som desse, vert han kalla ein glasål. Foto: Caroline Durif / Havforskingsinstituttet

I tillegg har heimtraktene endra seg. Viktige ferskvasshabitat tørkar opp, samstundes som vasskraftverk og turbinar gjer turen opp elvane både vanskeleg og farleg. 

Mange av desse utfordringane er fremst knytte til ferskvasslivet. 

– Difor kan det vere at ålen som lever i marine habitat har ein betre sjanse til å fullføre livssyklusen sin, seier Durif. 

Men til no er ikkje ålen som vert verande i sjøen omfatta av bestandsvurderinga, fordi det har vore mangel på data. 

Sidan 2016 har Caroline Durif og kollegaane bygd opp ein tidsserie for ål i Noreg, og snart er denne lang nok til at den kan verte teken i bruk. 

– Kor stort bidraget frå saltvassålen er, veit vi ikkje endå. Men det er viktig å ikkje gløyme ålen som vert verande i havet. 

 

Referanse: 

C M F Durif, M Arts, F Bertolini, A Cresci, F Daverat, E Karlsbakk, J Koprivnikar, E Moland, E M Olsen, C Parzanini, M Power, M Rohtla, A B Skiftesvik, E Thorstad, L A Vøllestad, H I Browman, The evolving story of catadromy in the European eel (Anguilla anguilla), ICES Journal of Marine Science, 2023; https://doi.org/10.1093/icesjms/fsad149

Mehis Rohtla, Françoise Daverat, Michael T. Arts, Howard I. Browman, Camilla Parzanini, Anne Berit Skiftesvik, Eva B. Thorstad, Terje van der Meeren, Leif Asbjørn Vøllestad, and Caroline M.F. Durif. 2023. Habitat use and growth of yellow-stage European eel in coastal and freshwater ecosystems in Norway. Canadian Journal of Fisheries and Aquatic Sciences. 80(1): 14-26. https://doi.org/10.1139/cjfas-2022-0033

Bertolini, F., M. Rohtla, C. Parzanini, J. Tomkiewicz & C.M.F. Durif. 2022. Blood-based gene expression as non-lethal tool for inferring salinity-habitat history of European eel (Anguilla anguilla). Scientific Reports 12, 22142. doi: 10.1038/s41598-022-26302-y.

 

Sidepanel

Kontakt

Anguilla anguilla   juvenil 20 01 12 (1)

Frå yngel til vaksen ål

Ålar vert klekte i havet. Som larvar driv dei med Golfstraumen mot Nord-Afrika og Europa. 

Når dei når kontinentalsokkelen, så vert dei til glasålar. Då er dei små og gjennomsiktige. 

Etter dei har nådd fram til kysten, og finn fram til habitatet sitt – anten det er i ferskvatn eller saltvatn – så vert dei gulålar. Dette stadiet kan vare frå 5 til 30 år, medan ålen veks. 

Når ålen er klart til å byrje gytevandringa, vert han ein blankål