Publisert: 02.01.2024 Oppdatert: 17.01.2024
Dei neste åra satsar vi på å bidra med kunnskap og råd til eit berekraftig, grønt skifte nasjonalt og globalt, god sameksistens mellom eksisterande og nye marine næringar – og sikra beste praksis for heilskapleg økosystemtilnærming og risikovurdering. Mellom anna.
Her finn du vår nye strategi for 2024-2028.
2. januar har den nye HI-strategien offisielt tredd i kraft. Det fekk nokre heldige HI-arar bokstaveleg talt ein smak av.
For morgonstund har tare i munn. I alle fall på Havforskingsinstituttet. Sjefen sjølv var tidleg på for å krydre kvardagen til eit lite knippe utvalde tilsette her vest.
Viggo Edvardsen var blant dei første på jobb i Bergen, og fekk ei bøsse Sjøsaker tarekrydder, laga på kortreist tare frå Øygarden. Krydderet skal piffe opp og inspirere i det nye strategiåret.
– Dette er ein merkedag for oss alle. Eg er både spent og kry, seier Nils Gunnar.
– Vi har på plass handlingsplanar og endringsprosjekt. Men dei viktigaste drivarane for endring er kvar og ein av oss. Strategien skal leve, men den må ikkje bli så livleg at vi misser måla av sikte. Så derfor ønsker eg meg passe dose kreativitet, disiplin og gjennomføringskraft framover, fortset han.
Tare er både godt og sunt. Det er anerkjent blant meisterkokkar for sin evne til å tilføre umami til mat. Ulike slag tare finst i store mengder langs norskekysten, men tare er likevel eit nytt innslag på det norske kjøkkenet.
– Eg håpar krydderet kan inspirere til å tenke nytt om dei store ressursane vi sit på – både i havet og i organisasjonen, seier han.
Norskekysten er langstrakt, og det er også Havforskingsinstituttet – vi er til stades frå sør til nord via vest.
I Tromsø var det HR-lærling Tolewhtoo som tok på seg oppdraget med utlevering av tarekrydder frå "lokale" Lofoten Seaweed.
På Sørlandet herja Kong Vinter, og dei lokale blei oppmoda til å skalke alle luker. Piffansvarleg Heidi blei difor midlertidig hindra i oppgåva, men kjem nok sterkt tilbake når naturkreftene roar seg ned.