Gå til hovedinnhold

Sommarens store manet-manual


kollasj som viser kronemanet, sjøstikkelsbær og agurkmanet

Meld inn dine manet-funn på Dugnad for havet i sommar. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Om du skal spankulere langs strandkanten, henge over ripa på ein båt eller bade til du får blå lepper i sommar, så er sjansen høg for at du ser ein manet eller to.

– Maneter er nokre av verdas mest fascinerande skapningar – dei er eldgamle, har vore i verdsrommet og manglar både hjerne og hjarte. Men likevel, så veit vi utruleg lite om desse skapningane, fortel havforskar Tone Falkenhaug.

Maneter er nemleg vanskelege å forske på. Dei dreg dit havstraumane fører dei, og er skjøre – ofte kan dei gå i oppløysing om ein prøvar å få fatt i dei. 

Men dei er like fullt ein viktig og naturleg del av dei marine økosystema – og dei kan i tillegg ha store følgjer for oss, for fiskeria eller for oppdrettsnæringa, som med perlesnormaneta i vinter. 

– Det er eit veksande behov for auka kunnskap om denne dyregruppa, om kva artar som dukkar opp, årsakene til masseførekomstar og kva økologisk rolle dei spelar. 

Om du ser ukjende maneter i sommar, eller kjende maneter i store mengder eller på uvande plassar – meld frå via Dugnad for havet

Vi kan dele manetene inn i høvesvis «nesledyr» og «kammaneter». Desse er ikkje i slekt, det einaste dei har til felles er at dei har ein kropp som består minst 90 prosent av vatn. 

Nesledyr

Nesledyra har nesleceller, som dei brukar til å fange byttedyr og til forsvar. Desse neslecellene fører til at desse manetene brenner – kor sterk svien vert, kjem an på kor sterk neslegifta er.

I tillegg har nesledyra ein komplisert livssyklus. Dei vekslar mellom å vere polyppar som sit fast på havbotnen og ei «meduse-fase», der dei er maneter som flyt fritt med havstraumane.

Raud brennmanet

Latinsk namn: Cyanea capillata
Rekke: Nesledyr (Cnidaria).
Storleik: Opptil to meter i diameter, kan ha 30 meter lange tentaklar.
Kor: Langs heile norskekysten – frå Oslofjorden til Finnmark. 
Kjenneteikn: Den raude, oransje eller gulbrune klokka. På undersida av maneta sit munnen, som i tillegg er omgjeven av fire falda munnarmar. Tentaklane er plasserte langs klokkekanten i åtte grupper, der kvar gruppe inneheld 70-150 tentaklar. Ein vaksen brennmanet kan såleis ha totalt 1200 tentaklar.
Forvekslingsart: Blå brennmanet (Cyanea lamarckii) – særleg om det er kvite og gule individ av den blå brennmaneta. 
Morofakta: Den raude brennmaneta er verdas største manet – og kan gøyme kviting-yngel mellom trådane sine.


Den raude brennmaneta er den vanlegaste maneta langs kysten vår – og førekjem ofte i store mengder kvart einaste år. 

Sidan ho driv med havstraumane kan store opphopingar samle seg i bukter, eller verte skylt opp på strender. Men ho er ikkje nokon latsabb av den grunn – brennmaneta kan bevege seg relativt raskt opp og ned i vassøyla, alt etter kor maten held seg. 

Brennmaneta er nemleg eit rovdyr, og et små dyreplankton som hoppekreps, og fiskelarvar og reker. Ho kan dessutan forsyne seg av glasmaneta.

Det fremste våpenet hennar er neslegifta. Denne bur i nesleceller i dei mange, lange brenntrådane – og kan både lamme byttedyr, og svi menneske. 

Men det er faktisk nokre småfiskar som ikkje tek skade av denne gifta. Ho bit ikkje på kviting-yngel, som har eit slimlag som gjer dei immune mot neslecellene. Kviting-yngelen har difor funne seg ein trygg gøymeplass frå andre fiendar mellom dei mange brenntrådane til maneta, som til gjengjeld vert reinsa frå parasittar. 

Small fishes hiding underneath a jelly fish
Kviting-yngel gøymer seg gjerne i trådane til brennmaneta. Foto: Erling Svensen / HI

Sjølv om vi ofte tenker på maneter saman med sommar, sol og varme, så likar eigentleg den raude brennmaneta kaldt vatn aller best. 

Om det vert meir enn 20 grader i sjøen, kan den raude brennmaneta trekke lenger ned i vatnet – men vind og oppstrøyming kan føre ho til overflata igjen. Det er slik ein kan få tilsynelatande «plutselege» invasjonar av ho på badestranda.

Blå brennmanet

Latinsk namn: Cyanea lamarckii
Rekke: Nesledyr (Cnidaria)
Storleik: Opptil 20 centimeter i diameter
Kor: Mest vanleg langs kysten av Sør-Noreg og i sørlege Nordsjøen, men kan førekome sporadisk langs heile norskekysten. Har dei siste åra vorte observert lenger nord enn før. 
Kjenneteikn: Ofte djup himmelblå i fargen, men kan variere mellom kvit, grå, lys gul, lyseblå eller djup lilla.  
Forvekslingsart: Brennmanet (Cyanea capillata). Kvite og gule individ kan vere til forveksling like den raude brennmaneta. Men blå brennmanet er aldri brunraud i fargen, har færre tentaklar og er gjerne mindre enn raud brennmanet. 
Morofakta: Blå brennmanet heiter Cyanea lamarckii på latin, kalla opp etter den franske vitskapsmannen Jean-Baptiste Lamarck.


For nokre tiår tilbake var den blå brennmaneta eit meir sjeldant syn. Ho er nemleg meir varmekjær enn sin raude namnebror, og har halde seg i meir sydlege strok – gjerne i sørlege del av Nordsjøen. 

Det er venta at stigande havtemperaturar, særleg om vinteren, vil føre til at ho kan etablere seg lenger nord – og at ho vert meir vanleg. 

Allereie dei siste åra har ho dukka opp stadig meir, og ho er observert heilt nord til Finnmark.

Endå ho heiter «blå brennmanet», så kan ho kome i fleire fargar – frå ein djup himmelblå via lilla til kvit. Ho er ofte mindre enn den raude brennmaneta, og har i tillegg færre og kortare tentaklar. 

Glasmanet

Latinsk namn: Aurelia aurita
Rekke: Nesledyr (Cnidaria).
Storleik: Vanlegvis 25 centimeter i diameter, men kan verte opptil 40 centimeter 
Kor: Vanleg langs heile norskekysten. 
Kjenneteikn: Glasmaneta har ei glasklar, fargelaus klokke med tydlege hesteskoar eller ringar. Vanlegast er det at maneta har fire slike hesteskoar/ringar (som eigentleg er kjønnsorgana hennar!), men ho kan ha alt frå 5 til 8. Desse er rosa eller lilla i fargen. 
Forvekslingsart: Krystallmanet (Aequorea spp) og korsmanet (Staurostoma mertensii).
Morofakta: Frittsymjande glasmaneter lever i om lag 1 år, men polyppane kan overleve på havbotnen gjennom år etter år etter år. I fangenskap har polyppar av glasmanet faktisk vorte heile 25 år. 


Manetverdas eigen kosmopolitt! Glasmaneta finst nemleg over heile kloden, frå tropiske hav til kjølege strok. Dette tyder på at maneta ikkje er så kresen – ho toler mange ulike miljø. 

Ho er faktisk ei av få maneter ein også finn i Austersjøen, heilt nord til Bottenhavet. Austersjøen er Jordas største brakvasshav – det vil seie saltfattig hav – men det går fint for glasmaneta, endå ho trivst aller best med mykje salt og god lunk i havet.

Trivselstemperaturen hennar ligg over 17 grader og 38 prosent salthaldigheit i vatnet, sjølv om ho kan overleve ned til 6 grader. 

Sjølv om glasmaneta er eit rovdyr, så er ho òg middag for andre artar. Både sjøfuglar, fiskar og havskjelpaddar kan slurpe i seg maneta, om dei finn ho. Og dette er litt av forklaringa bak den gjennomsiktige kroppen til glasmaneta. 

Ho lever i opne vassmassar – og der er det ingen plass å skjule seg. Men glasmaneta har utvikla ein fordel i denne «gøymeleiken»: ho har vorte usynleg. Den glasklare, gjennomsiktige kroppen gjer at maneta vert vanskeleg å få auge på (og kloa i!) for andre rovdyr.  

Lungemanet

Latinsk namn: Rhizostoma sp.
Rekke: Nesledyr (Cnidaria).
Storleik: Inntil 90 cm i diameter
Kor: Kan dukke opp som tilfeldig gjest langs kysten av Sørlandet og Vestlandet, då vanlegvis på seinsommaren og hausten. Høyrer heime langs dei sørlege og vestlege kystane av Dei britiske øyer og i den sørlege Nordsjøen.
Kjenneteikn: Stor, gulkvit klokke. Kanten på klokka er blåfiolett. Manglar tenktaklar, men har åtte kraftige munnarmar under skiva – andre stormanetar har fire. Hos hannar er kjønnsorgana blå, hos hoer er dei oransje. 
Forvekslingsart: Brennmanet utan tentaklar. (Men den blåfiolette klokkekanten er karakteristisk for lungemanet.)


Lungemaneta vert ikkje rekna som etablert i norske havområde, men det hender at ho vert frakta til norskekysten av havstraumane – frå sørlege Nordsjøen, eller kysten av Dei britiske øyar. 

Maneta er mjølkekvit med ein blåfiolett kant på klokka. Ho har ikkje brenntrådar, men i staden for har ho tett i tett med vorteaktige nesleceller på overflata av klokka. Desse rommar ei relativt svak neslegift. 

Denne neslegifta brukar lungemaneta til å bedøve byttedyra sine – alt frå algar til fiskeegg og krepsdyr. Men lungemaneta har ingen stor munn til å jafse i seg måltidet, i staden for har ho mange mindre «munnar»: ho fortærer maten gjennom små «porer» med flimmerhår.

Endå lungemanet ikkje vert via så mykje merksemd her omkring, så har det faktisk føregått eit kommersielt fiskeri på ho utanfor Wales sidan 2014. Maneta inneheld nemleg mykje kollagen, eit stoff som kan verte nytta både innanfor medisin og kosmetikk.

Samstundes er lungemaneta viktig føde for havlærskjelpadden (Demochelys coriacea) som føretek vandringar til kysten av dei britiske øyer for å beite på maneta.

Kompassmanet

Latinsk namn: Chrysaora hysoscella
Rekke: Nesledyr (Cnidaria).
Storleik: Inntil 30 cm i diameter
Kor: Kan dukke opp som tilfeldig gjest langs kysten av Sørlandet og Vestlandet, då vanlegvis på seinsommaren og hausten. Vanlig i Middelhavet og Atlanterhavet, langs vestkysten av Europa.
Kjenneteikn: Svakt gul klokke med V-forma brune striper som dannar ei stjerneforma «kompassrose». 
Forvekslingsart: Brennmanet (Cyanea capillata). Kompassmaneta skil seg ut med dei brune stripene på klokka, og sine sterkt falda munnarmar. 


Kompassmaneta vert observert regelmessig langs norskekysten, sjølv om ho ikkje er vanleg her omkring. 

Som brennmaneta, har også kompassmaneta neslegift som ho brukar til å bedøve byttedyra sine – som hoppekreps, fiskelarvar og reker. Neslegifta hennar er relativt sterk. 

Kjenneteiknet til denne maneta er mønsteret på klokka. Ho har v-forma striper som går ut frå midten – nesten som eit kompass. 

Kompassmaneta er tvekjønna. Dei minste individa er hannar, men når maneta veks seg større byter ho kjønn. Dei aller eldste og største individa er difor berre hoer.

Kronemanet

Latinsk namn: Periphylla periphylla
Rekke: Nesledyr (Cnidaria).
Storleik: Inntil 25 cm i diameter og 35 cm høg.
Kor: Djuphavsart som finst i alle verdshav, under 300 meter djup. Førekjem vanleg i djupet av våre fjordar, men kan vandre opp mot overflata om natta. 
Kjenneteikn: Høg og konisk klokke, med karakteristisk djupraud til fiolett farge. 12 tjukke tentaklar som kan verte over 50 centimeter lange.  
Forvekslingsart: Ingen. Den djupe raude fargen og dei tjukke tentaklar er karakteristiske for arten. 
Morofakta: Arten er langliva, og kan verte opp mot 30 år gammal. 


Kronemaneta ser litt ut som ho kjem frå verdsrommet, men ho kjem «berre» frå djupna. Maneta er ein djuphavsart som finst i alle verdshav, og som trivst i norske fjordar. 

Ho har bioluminescens – det vil seie at ho lyser på eiga hand, grunna ein kjemisk reaksjon i kroppen. Dette lyset fungerer både for å skremme fiendar og for å kommunisere med artsfrender. 

Kronemaneta er ein aktiv jegar som sluker både små krepsdyr, fiskelarvar og reker – ho er faktisk eit rovdyr av rang, og ein toppredator i næringskjeda.  

Den mørke, raude fargen syner at maneta har tilpassa seg å leve langt frå overflata. Den raude delen av sollyset når ikkje ned i djupet, og raude dyr vert difor usynlege og grå. 

Fargen kjem av det raude pigmentet porfyrin, som kronemaneta sjølv produserer. Dette pigmentet vert brote ned av sollys, og det er difor skadeleg for maneta å verte utsett for dagslys. 

På nattestid vandrar derimot kronemaneta til overflata. 

Vanlegvis førekjem kronemaneta i låge tettleikar, men i terskelfjordar kan det oppstå masseførekomstar. Dette har vorte registrert i fleire fjordar og stadig lenger nord dei siste 40 åra. Slike store massar kan skape problem for fiskeri i området, då manetene tettar reiskap. 

Klamremanet

Latinsk namn: Gonionemus vertens
Rekke: Nesledyr (Cnidaria).
Storleik: 10 – 30 meter lange koloniar, men desse kan dele seg opp i små bitar.
Kor: Observert langs heile kysten frå Oslofjorden til Vesterålen på grunt vatn, blant tang og ålegras. Ein framand art for Noreg – høyrer naturleg heime i nordlege Stillehav.
Kjenneteikn: Halvkuleforma klokke med eit raudt, oransje eller gult kors, danna av kjønnsorgana. 60-80 stive tenktaklar som ofte er bøygde i vinkel.  
Forvekslingsart: Hydromedusaen Leuckartiara har også oransje gonadar. Men denne har ei høgare klokke, og kortare tentaklar utan vinkel. 


Klamremaneta er ein framandart som eigentleg høyrer heime i Stillehavet. 

Ho har truleg kome til våre breiddegrader som blindpassasjer med ballastvatn og med østersimport frå Japan og USA. I Norsk Fremmedartsliste er klamremaneta vurdert til å ha høg økologisk risiko. 

Arten vart observert for første gong i 1921, ved Drøbak i Oslofjorden. Fram til 2018 vart ho observert sporadisk langs kysten av Agder og Rogaland, men i åra etter har talet observasjonar auka. Dette kan tyde på at nye populasjonar av arten er introduserte til norske havområde. 

Klamremaneta lever på grunna, der ho «klamrar» seg fast til ålegras og tang på dagtid. Ho har nemleg spesialiserte «klebeplater» på tentaklane sine. 

Om natta sym maneta til overflata for å fange dyreplankton. Klamremaneta har ein aktiv jaktstrategi. Ho sym mot overflata, stoppar brått opp og snur seg – før ho så sakte søkk nedover, med klokka peikande mot botnen og tentaklane strekt ut. 

Alle byttedyr som kjem i kontakt med tentaklane vert fanga, lamma og etne. Den vesle klamremaneta har nemleg kraftig neslegift – som òg kan føre til kraftige smerter for menneske. 

Perlesnormanet

Latinsk namn: Apolemia sp
Rekke: Nesledyr (Cnidaria).
Storleik: 10 – 30 meter lange koloniar, men desse kan dele seg opp i små bitar. 
Kor: Heile norskekysten, særleg seint på hausten. Utbreidd i Middelhavet, Atlanterhavet og Stillehavet. Observert i Nordsjøen og ved Dei britiske øyar. Førekjem i heile vassøyla frå overflata og ned til 1000 meter. 
Kjenneteikn: Kolonien dannar lange kjeder som kan verte over 30 meter lange, men som ofte vert delte opp i mindre bitar av bølgjer. Langs perlesnora sit eit fødeopptaksindivid, omkrinsa av mørkeraude fangarmar, som gjev kolonien ein bustete utsjånad, med raud og kvit farge. Når kolonien trekker seg saman får han ein karakteristisk spiral- eller siksak-fasong. 
Forvekslingsart: Kan verte forveksla med andre kolonimanetar, til dømes Nanomia cara og Agalma elegans.
Morofakta: Alle individ i ein Apolemia-koloni er genetisk identiske med kvarandre, men dei både ser forskjellige ut og utfører ulike, spesialiserte oppgåver. Korleis dei kommuniserer og koordinerer er framleis ei uløyst gåte. 


Perlesnormaneta er ei kolonimanet sett saman av ei rekkje forskjellige individ (zooid) i ei lang kjede. Ho kan verte opptil 30 meter lang, og er nokre centimeter tjukk.

Dei ulike individa har spesielle funksjonar: dei fremste er svømmeklokker, som til en viss grad står for eigenbevegelse; nokre individ står for reproduksjon; og andre igjen skaffar mat. 

Hjå alle individa som er observerte i norske havområde, manglar den fremre delen av maneta –svømmeklokkene som driv maneta framover. Dette tyder på at manetene er døyande innan dei når norskekysten. 

Perlesnormaneta har nesleceller med ei sterk neslegift, som kan ta livet av relativt store byttedyr. Denne neslegifta brukar ho både til å skaffe seg mat, som krepsdyr, fisk og andre kolonimaneter, og til å forsvare kolonien. 

Dei siste tre åra har perlesnormaneta dukka opp i store mengder langs norskekysten, om hausten. I 2023 dreiv perlesnormaneta inn mot oppdrettsanlegg langs kysten, og som følgje av dette døydde truleg fleire millionar oppdrettsfisk. 

Det er endå store kunnskapshol om maneta – om biologien og kor ho kjem frå. I eit nytt, omfattande prosjekt skal Havforskingsinstituttet gå i saumane på maneta, følgjene ho fekk og utvikle eit varslingssystem mot plankton-farar. Ler meir om JellySafe her.

Kammaneter

Kammanetene har ikkje nesleceller, og brenner difor ikkje. I staden for brukar desse manetene klebeceller for å fange byttedyra sine. Kammanetene lever heile livet sitt i dei frie vassmassene. 

Lobekammanet

Latinsk namn: Bolinopsis infundibulum
Rekke: Kammanet / ribbemanet (Ctenophora),
Storleik: 5-15 cm
Kor: Høyrer naturleg heime langs heile norskekysten. Utbreidd i nordlege Atlanterhav, Arktis, Stillehavet og i Middelhavet. 
Kjenneteikn:  Oval, gjennomsiktig kropp, grå eller fargelaus. 8 langsgåande rader med flimmerhår. Veldig skjør, og går lett i bitar når ho vert fanga. 
Forvekslingsart: Amerikansk lobemanet (Mnemiopsis leidyi). Denne arten er svært lik, men har svakt rosa farge og lobane er plasserte høgare opp samanlikna med Bolinopsis


Lobekammaneta høyrer naturleg heime langs heile norskekysten. Ho (og andre kammaneter) kan fort glitre i alle regnbogens fargar. Sollys vert nemleg reflektert og brote i flimmerplantene hennar, nesten som i eit prisme. 

Elles er kroppen til lobekammaneta oval, og gjennomsiktig. Siste måltid er gjerne godt synleg gjennom kroppsveggen, lenge etter at det vart ete. 

Og denne maneta et mykje. Ho er eit rovdyr som et dyreplankton, fiskelarvar og -egg. 

Faktisk held ho fram med å ete, sjølv etter at tarmen er full. Ho toler òg lange periodar utan mat – då tærer ho på sin eigen kropp, og krympar i storleik. 

Dette er noko lobekammaneta (Bolinopsis infundibulum) har til felles med den amerikanske lobemaneta (Mnemiopsis leidyi) – ein art som ho ofte vert forveksla med. 

Endå dei to artane kan sjå like ut og har eitt og anna fellestrekk, så har dei forskjellig økologi og ei rekke store skilnadar. 

  • Lobekammaneta høyrer naturleg til i Noreg, langs heile kysten. 
    Den amerikanske lobemaneta er ein framandart. 
     
  • Lobekammaneta trivst best ved låge temperaturar, og er vanleg langs kysten tidleg på våren. 
    Den amerikanske lobemaneta er på si side meir varmekjær, og plar førekome seinare på sommaren – når sjøtemperaturane har stige.

Dei største tettleikane av lobekammanet er vanlegvis i april-mai, etterfølgt av ein rask nedgang. Denne plutselege populasjonskollapsen reknar ein med kjem av at ein annan art forsyner seg: agurkkammaneten, som utelukkande lever av å ete andre kammaneter. 

Amerikansk lobemanet

Latinsk namn: Mnemiopsis leidyi
Rekke: Kammanet / ribbemanet (Ctenophora),
Storleik: 5-15 cm
Kor:  Kystnære område frå Oslofjorden til Trondheimsfjorden. Arten er framand for Noreg, og har si naturlege førekomst langs austkysten av Nord- og Sør-Amerika.
Kjenneteikn: Oval, gjennomsiktig kropp, svakt rosa i fargen. 8 langsgåande rader med flimmerhår. 
Forvekslingsart: Lobemanet (Bolinopsis infundibulum). Denne arten er svært lik, men har gråblå farge (ikkje rosa) og lobane er plasserte lågare nede samanlikna med Mnemiopsis.  


Den amerikanske lobemaneta er ein framandart, som ikkje høyrer heime i norske farvatn. Eigentleg held ho til langs austkysten av USA. 

Ho vart oppdaga i norske farvatn for første gong i 2005, og no er ho eit vanleg syn langs kysten. 

Amerikansk lobemanet formeirer seg svært raskt, og kan fleirdoble populasjonen i løpet av nokre få veker. Arten reproduserer i norske kystområde, men det er uklårt om ho overlever dei låge vintertemperaturane. Mykje tyder på at førekomsten i norske havområde vert drive av såkalla «source-sink»-dynamikk – at nye individ kjem drivande frå eit overvintringsområde i Nordsjøen kvart år. 

I Norsk Fremmedartliste er den amerikanske lobemaneta vurdert til svært høg økologisk risiko. Det er fordi maneta raskt kan kolonisere nye område, og har eit høgt fødeinntak. 

Den amerikanske lobemaneta er eit særdeles glupsk rovdyr, og et både dyreplankton, fiskeegg og -larvar – som ho fangar med klebecellene sine. Tette oppblømingar av maneta kan konsumere enorme mengder dyreplankton, noko som kan få store følgjer for artar som konkurrerer om same matfatet og oppover i næringskjeda.

Agurkmanet

Og kjend som: agurkkammanet

Latinsk namn: Beroe cucumis 
Rekke: Kammanet / ribbemanet (Ctenophora),
Storleik: Inntil 16 cm
Kor: Heile norskekysten. Utbreidd i Atlanterhavet.
Kjenneteikn: Denne maneta liknar rett og slett litt på ein «pose». Ho er oval, gjennomsiktig og litt rosa i fargen.
Forvekslingsart: Dvergagurkkammanet (Beroe gracilis). Dei to artane er svært vanskelege å skilje, særleg når dei er små. B. cucumis har sidegreiner under rekkene av flimmerhår, noko B. gracilis manglar. 


Agurkkammaneta får sjeldan dei største overskriftene, men ho spelar ei viktig økologisk rolle i havet. 

Ofte dukkar ho opp når det er store oppblømingar av andre kammaneter. Agurkkammaneta lever nemleg utelukkande av å ete andre kammaneter – og ho bidreg såleis til å kontrollere og redusere masseførekomstar, når ho forsyner seg villig vekk av «slektningane». 

Ho sym rundt på leit etter mat, og oppdagar byttet sitt ved hjelp av kjemiske stoff i vatnet. Det er nesten som om agurkkammaneta «luktar» sitt neste måltid. 

Og dette måltidet kan ho sluke heilt. Av og til kan ein sjå agurkkammaneter med heile byttedyr i kroppshola – godt synlege gjennom den gjennomsiktige manetkroppen. 

Om maten er for stor til å fortære i ein jafs, så har agurkkammaneta også kraftige hår langs munnopninga, som funkar som «tenner». Såleis vert store måltid fortært bit for bit.

Sjøstikkelsbær

Og kjend som: kulekammanet

Latinsk namn: Pleurobrachia pileus
Rekke: Kammanet / ribbemanet (Ctenophora),
Storleik: 1-2 cm
Kor: Heile norskekysten. Utbreidd i austlege deler av Atlanterhavet, Arktis og Middelhavet. 
Kjenneteikn: Kuleforma eller oval, glasklar. 8 rader med flimmerhår (kamrekker). To lange tentaklar på 15-40 centimeter, som vert trekte inn når maneta vert forstyrra 
Forvekslingsart: Ingen. 


Sjøstikkelsebæret ser ut som ei lita kule i havet, med to lange tentaklar. 

Ho har ikkje nesleceller å hjelpe seg med, men desse tentaklane har fleire trådar med klebeceller, nesten som eit fangstnett. 

Slik kan maneta ligge stilt i ro med tentaklane sine utstrekt, og berre vente på at byttedyr som driv forbi med straumen vert «fanga» i nettet hennar. 

Dyreplankton og fiskelarvar har alle sett seg fast i trådane til maneta.

Når fangstnettet er «fullt», trekker maneta inn att tentaklane sine og roterer fort rundt – slik at tentaklane sveiper over munnopninga og ho berre kan «gape».