Gå til hovedinnhold

Ser du kva fisk dette egget stammar frå?


Mikroskopbilde av et torskeegg

Egg frå nokre fiskeslag er så like at det kan vere vanskeleg å sjå forskjell. Dette er eit torskegg. 

Fotograf: Anders Thorsen / Havforskingsinstituttet

Det gjer forskarane – og ein genetisk dobbeltsjekk viser at dei plar treffe blink.

Samstundes som skreien i Barentshavet trekker sørover for å gyte, legg forskingsfartøyet «Johan Hjort» frå kai. 

På det årlege skreitoktet i Lofoten og Vesterålen granskar havforskarane tilstanden for nordaustarktisk torsk, mellom anna ved å undersøke kva egg dei får i egghåven. 

– Om bord brukar vi mikroskop for å avgjere kva fiskeslag desse egga høyrer til. Men nokre egg er nesten heilt make – som egga frå torsk og hyse, forklarar havforskar Edvin Fuglebakk. 

Endeleg fasit ligg i gena, difor har forskarane kvalitetssikra at dei med dagens metodar landar på rette arten. 

Om det ser ut som eit torskeegg, er det eit torskeegg?

Med det same egga kjem på dekk, vert dei sorterte og fotograferte. Om egg ser ut som torskeegg og er mellom 1.2 og 1.6 millimeter i diameter, vert dei også rekna som torskeegg. 

Dei er trass alt fiska opp med egghåv i gytesesongen for torsk, i det som er fruktbare område for akkurat denne fisken. 

Men havforskarane har likevel ønskt å dobbeltsjekke: I kor stor grad blandar andre rakkarar frå torskefamilien seg inn? 

En egghåv blir senket ned under havoverflaten, langs siden av et forskingsfartøy
​Egghåven vert senka ned i Vestfjorden på skreitoktet i 2023. Foto: Edvin Fuglebakk / HI 

Egg frå skreitoktet 2022 vart difor lagde på sprit, og sende til forskingsstasjonen vår i Flødevigen. Der vart gena til egg frå kvart einaste håvtrekk nøye granska. 

Resultata syner: mikroskopisvara og genetikksvara samsvarar i hovudsak svært godt.  

– Det er eit veldig betryggande resultat at mikroskopi er ein treffsikker metode for å sortere artar, og å opparbeide ein påliteleg eggemengdeindeks, seier Fuglebakk.

Forholda i havet rår

2022 var også eit godt år for å kvalitetskontrollere metoden, for då var det eit moderat innsig av skrei til Lofoten og Vesterålen. Mogelegheita for innblanding av egg frå andre fisk i torskefamilien var difor høg, samanlikna med tidlegare år. 

Havforskar Edvin Fuglebakk presiserer likevel at å artsbestemme med mikroskopi er prisgitt vilkåra i havet: 

– Treffsikkerheita vil kunne endre seg om vilkåra i havet endrar seg, som om torsken kjem tidleg eller seint, eller om forvekslingsartar som hyse dukkar opp i store mengder i same område.