Publisert: 26.11.2024 Oppdatert: 28.11.2024
Kvart einaste år produserer vi menneske omtrent 400 millionar tonn plastsøppel i verda.
– Vi produserer stadig meir plastsøppel. Og plastsøppelet krev uhorveleg lang tid for å verte brote ned i naturen, seier HI-forskar Michael Bank.
Han er ein av forfattarane av ein kronikk i det prestisjetunge tidsskriftet Nature. Der peikar forskarane på at FN-forhandlingane om ei ny plastavtale kan og bør føre til konkret handling.
– Noreg har vore ein av pådrivarane for desse forhandlingane, og målsetjinga er å einast om ei forpliktande avtale innan året er omme. Då er det avgjerande at styresmaktene held oppe presset i innspurten, for å sikre ei så ambisiøs og god avtale som råd, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
I kronikken tek Michael Bank og medforfattarane til orde for å tenke nytt om plastrisiko – for til no har vi oversett noko heilt sentralt, meiner dei.
– Til no er det stort sett dei fysiske og kjemiske aspekta ved plastproblematikken som får merksemda. Altså kor store plastbitane er, forma deira og kva dei er laga av, seier Bank.
Historiene om plast i havet handlar ofte om skjebnen til skjelpaddar som viklar seg inn i lange plastremser, eller mindre bitar som kan blokkere fordøyinga hos fisk og sjøfuglar.
Absolutt viktige problem å løfte. Men:
– Vi må ikkje gløyme dei mikrobielle farane, understrekar Bank.
For på alle desse plastbitane, finn ein mikrobar. Mikroskopiske organismar som er usynlege for det blotte auge, som bakteriar, virus eller sopp.
Når plast vert ført kloden rundt med vêr, vind og havstraumar, då følgjer desse «passasjerane» med i sitt vesle menneskeskapte habitat.
– Desse «plastsfærene» kan bere med seg ulike patogen, som eit virus eller ein antibiotikaresistent bakterie, som kan påverke helsa til plantar, dyr eller menneske. Og vi veit framleis for lite om følgjene, seier Bank.
I Nature føreslår forskarane fire prioriteringar for ei ny risikovurdering:
Av dei drygt 400 millionar tonn plastavfall som vert produsert kvart år, hamnar opp mot 23 millionar tonn opp i vassøkosystem, syner tal frå FNs miljøprogram. Utan tiltak er det venta at også mengdene som ender opp i elvane, fjordane og havet stig kraftig.
– Måtane vi menneske påverkar livet i havet på vert stadig fleire. Samtidig endrar klimaendringane spelereglane. Det fører til at totalkostnaden for havet vert høgare og høgare, seier Kvamstø.
Det som påverkar økosystema våre aller mest, er nettopp summen av alt:
– Di meir kunnskap vi har om påverknadsfaktorane, di betre rusta er vi for å lette børa for havet og økosystema der, avsluttar havforskingsdirektøren.
Li, C., J. Liu, M.C. Rilling, M.S. Bank, et. al. 2024. What harmful microbes are lurking in the world’s 7 billion tonnes of plastic waste? Nature 634, 30-32 https://doi.org/10.1038/d41586-024-03150-6
Wang, L., J. Gao, W-M. Wu, J. Luo, M.S. Bank, et al. 2024. Rapid Generation of Microplastics and Plastic-Derived Dissolved Organic Matter from Food Packaging Films under Simulated Aging Conditions. Environmental Science & Technology, Article 58, 20147–20159. https://doi.org/10.1021/acs.est.4c05504