Gå til hovedinnhold

Finn ny miljøgift frå oppdrettsnæringa i naturen


Foto av mann i båt. Utstyr for å hente vannprøver heises ombord. I bakgrunnen et oppdrettsanlegg.

Frå eit tidlegare prosjekt der forskar Bjørn Einar Grøsvik tok vassprøvar som blei analysert for kopar.

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

Oppdrettsnæringa brukar antigroemiddelet tralopyril på merdane. No er stoffet funne i svarthå, blåskjel og krill. Tidlegare er det også påvist i sediment. 

Same middel er også funne i filet frå laks i forsøk.

Allereie i februar åtvara HI om risikoen ved bruk av tralopyril

Forskarane sjekka død krill og svarthå frå Rogaland 

Tidlegare i år blei det funne store mengder død krill og omtrent 200 døde svarthå innerst i ein fjord i Rogaland, fleire kilometer frå næraste oppdrettsanlegg.  

Funnet blei gjort av lokale og varsla til Havforskingsinstituttet.  

– Vi kan ikkje seie med sikkerheit kva dyra døde av, det kan skuldast naturlege forhold som til dømes oksygenmangel på grunn av oppblomstring av algar, men det blei funne til dels store mengder tralopyril i krillen som vi analyserte, seier Grøsvik. 

Også i svarthåen fann forskarane dette stoffet. 

– Vi analyserte fem svarthå, alle desse hadde høgt nivå av stoffet i magen. I ein av dei fann vi det også i levra, seier han. 

At tralopyril blei funne i magen på dyra, betyr at dei har ete andre dyr som inneheld stoffet. 

– Dette viser at det er risiko for at stoffet kan verte akkumulert oppover i næringskjeden, seier Grøsvik. 

Stoffet skal ikkje finnast i naturen  

Også i andre tilfelle med død krill er det funne tralopyril. 

Totalt har det kome melding om fem hendingar med død krill i år. Desse har forskarane analysert, i tillegg har to prøvar frå tidlegare rapporteringar blitt inkludert. 

– Vi har påvist tralopyril i tre av desse. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men sidan tralopyril i utgangspunktet ikkje finst i naturen, så er det likevel eit funn som bekreftar at det er spreiing ut i miljøet, seier Grøsvik.  

Også funne i blåskjell og i sediment 

HI har funne stoffet både i blåskjell langt unna nærmaste anlegg,  i sediment nær oppdrettsanlegg og i høge konsentrasjonar i levande blåskjel som veks på desse anlegga. 

I tillegg til at tralopyril blir brukt i antigroemiddel på oppdrettsanlegg, kan det vere brukt i enkelte typar botnsmøring til fartøy på over 25 meter. 

– Vi har ikkje klart å finne data på om det er i bruk på fartøy i Noreg. Samstundes er funnstaden for krill og svarthå i Rogaland så langt inne i ein fjord at det er lite truleg med stor trafikk av slike fartøy der, seier han. 

Referanse 

Bjørn Einar Grøsvik, Dina Emilie Kristiansen and Aasim Ali (IMR). Analysis of uptake of tralopyril and transformation products in salmon exposed to tralopyril coated net pen. Rapport fra havforskningen 2024-43