Gå til hovedinnhold

Skal undersøka om klimaendringar forverrar skadane på miljøet


en kvinne og en mann tar i mot en prøvetakingsmaskin på dekk på skip

Feltarbeid: Prøver frå havbotnen blir tatt opp frå Dyngadjupet i Jøssingfjorden i 2017. 

Fotograf: Erlend A. Lorentzen/HI

Å dumpe giftig gruveavfall i sjø eller fjord kan påverka økosystem, dyreliv og sjømat negativt. No skal havforskarane undersøke om klimaendringane vil føre til større lekkasjar av giftig avfall. 

Ein viktig del av samfunnsoppdraget til Havforskingsinstituttet (HI) er å gje styresmaktene gode, kunnskapsbaserte råd. 

Når det kjem til spørsmålet om å dumpe gruveavfall i sjø eller fjord, har havforskarane gitt råd om at slike deponi ikkje er berekraftig bruk av fjorden. 

Ei av fleire grunnar bak rådet, er utsleppa av giftige metall som blir lagra i havbotnen og kan lekka ut i miljøet i fleire tiår etter at gruveaktiviteten er over. 

– Undersøkingar gjort ved avslutta sjødeponi viser at desse giftene vil vera i sedimenta i fleire tiår etter at aktiviteten har stogga. Det har blitt påvist til dømes i Jøssingfjorden i Rogaland og Repparfjorden i Finnmark, fortel HI-forskar Samuel Rastrick.

Sediment er dei ulike laga havbotnen består av. 

Noreg eit av få land som framleis dumpar gruveavfall i sjøen 

Giftig gruveavfall frå både nedlagte og aktive deponi er eit globalt problem. 

– Men dette er spesielt viktig her i Noreg, sidan vi er eitt av få land i verda som framleis tillét deponering av gruveavfall i sjøen. 

Opp igjennom historia har Noreg dumpa gruveavfall som inneheld tungmetall i fjordane. 

Kor store lekkasjane frå forureina sediment er, er avhengig av miljøtilhøve som pH-verdien i sjøvatnet og temperaturen. 

Miljøet er i endring – kan påverka både økosystem og mattryggleik på sikt 

HI sine råd om dumping av gruveavfall er basert på dei miljøtilhøva ein har i dag. 

Men, som dei fleste har fått med seg: Klimaet er i endring. Også i havet. 

Dei norske havområda langt nord er ein av dei stadane der klimaendringane skjer raskast. På kjøpet får ein også havforsuring. 

– Femti-seksti-sytti år fram i tid vil truleg havmiljøet vårt i Noreg ha endra seg mykje frå i dag, grunna oppvarming og havforsuring, seier HI-forskaren.    

Kva vil dette ha å seie for økosystema, dyrelivet og vidare sjømaten vi et frå fjordane der det ligg gruveavfall nede i sedimenta? 

– I dag veit vi svært lite om korleis klimaendringane vil påverka nedbrytinga eller opphopinga av giftstoff frå gruveavfall i det marine miljøet, eller korleis utslepp av gift frå sedimenta kan påverka økosystema. Vi veit heller ikkje mykje om korleis dette kan påverka kor trygg sjømaten er. 

Klimaendringane vil truleg også føre til hyppigare stormar og endringar i straummønsteret i fjordane. Det vil igjen påverka korleis sediment blir flytta langs kysten. 

– Men vi veit ikkje om desse endringane vil påverka korleis forureina gruveavfall blir spreidd. 

Forsøk gjort ved Havforskingsinstituttet har tidlegare vist at marine dyr som lever i eller ved forureina sediment har dårlegare odds til å overleva havforsuringa, som også kjem med klimaendringane.  

Nytt prosjekt skal «framtidssikra» havforskarane sitt råd 

I eit nytt forskingsprosjekt skal havforskarane undersøka nettopp korleis effektane av dumpinga av gruveavfall kan endra seg i eit endra klima. 

Prosjektet med namnet CLIMEMINE har fått 12 millionar kroner i støtte frå Noregs forskingsråd og oppstarten er på nyåret i 2025. Med på laget er samarbeidspartnarar frå Kina og Storbritannia. 

– Det er viktig å merka seg at klimaendringar ikkje berre er nok ein risikofaktor for naturen på toppen av andre faktorar som påverkar livet i havet. Det er sjølve det grunnleggande premiss for økosystema som endrar seg. Effektane på det marine miljøet må sjåast i samanheng med klimaendringane om vi skal «framtidssikra» råda våre, avsluttar HI-forskaren.