Gå til hovedinnhold

Importert sjømat kunne «gå på grønt» i grensekontrollen


En fiskedisk i utlandet

Illustrasjonsbilde: En fiskedisk i utlandet.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / H

Kvart år undersøker havforskarane om det er «ubedne passasjerar» i importert sjømat. No er resultata frå 2023 klare: ingen overskridingar av grenseverdiar.  

I ein klassisk grensekontroll lyt gjerne turistar syne fram passet sitt. Men visste du at vi i Noreg også har ein veterinær grensekontroll? 

Der vert noko av sjømaten vi importerer til Noreg stoppa opp, og «passet» undersøkt. Har denne sjømaten stoff i seg som vi helst ikkje ser på matfatet?

Ingen overskriding av grenseverdiar

Kvart år analyserer Havforskingsinstituttet stikkprøver av akvatiske produkt som er importert frå land utanfor EU og EØS, på oppdrag frå Mattilsynet.

– Dette er ein del av arbeidet med å sikre at vi har trygg mat på middagstallerken, seier havforskar Julia Storesund.  

I 2023 analyserte havforskarane 114 slike prøver for lovlege legemiddel, ulovlege stoff, miljøgifter og/eller mikroorganismar. 

No ligg resultata føre: alle prøvene var i samsvar med regelverket.

Det var ingen overskriding av grenseverdiar.  

Listeria og Vibrio – men ikkje brot

I éi prøve vart det påvist Listeria-bakterien L. monocytogenes, men ein nærare analyse synte at konsentrasjonen var under målbart nivå, og såleis langt under grenseverdien. 

– Sidan produktet i tillegg var eit som ikkje er meint å etast rått, men skal varmebehandlast før ein et det, så er dette i samsvar med regelverket, forklarar havforskaren. 

I tillegg var fire prøver positive for spor av Vibrio-bakterie, som det i dag ikkje finst nokon grenseverdi for. 

– Men vi overvakar likevel nivået i sjømat, fordi det er venta at førekomsten av Vibrio-bakteriar i mat aukar i takt med sjøtemperaturen, seier Storesund.
 

Referanse:

Julia Storesund, Martin Wiech, Bjørn Tore Lunestad and Rita Hannisdal (IMR) Overvåkingsprogram for legemidler, ulovlige stoffer, miljøgifter og mikrobiologi i akvatiske produkter importert til Norge fra tredjeland. Rapport frå havforskningen 2024-30. https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-en-2024-30