Gå til hovedinnhold

HI svarer på turistfiske-høyringa


Foto av en småbåt med påhengsmotor. Tre personer er oppi med ryggen til. De holder hver sin fiskestang.

HI har gjort omfattande feltundersøkingar i utvalde pilotområde for å skaffe pålitelege data om fritidsfiske med stong, også frå turistar. Her frå Hordaland.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Er positive til fleire av tiltaka – etterlyser kunnskapsbelegg for andre.

Havforskingsinstituttet har gitt høyringssvar til Fiskeridirektoratet sine forslag til innstrammingar i turistfisket (ekstern lenke).

HI meiner fleire av dei føreslegne tiltaka vil gi myndigheitene betre kontrollverktøy – til dømes innfrysingsforbod og standardisert utførselsdokumentasjon.

Dette meiner forskarane at vil kunne bidra til å redusere udokumentert fangst og utførsel. Slike "mørketal" kan vere ei feilkjelde når forskarane skal berekne fangstmengdene til turistane – og dermed korleis det påverkar fiskebestandane.

Les heile høyringssvaret her (PDF)

Fryktar kvotekutt i verste fall kan verke mot si hensikt

HI påpeiker samtidig at tiltak som grunnprinsipp skal vere kunnskapsbaserte.

Fiskeridirektoratet har føreslått å redusere mengda fisk du har lov å ta med ut av landet frå 18 kilo til 10 kilo, to gonger i året.

For dette tiltaket etterlyser HI ei tydeleg målsetting, og ei konsekvensutgreiing for om det kan få utilsikta eller negative konsekvensar for fisk, økosystem eller samfunn.

– Det er til dømes ikkje undersøkt korleis eit slikt kvotekutt vil påverke turistfiskarane si åtferd på sjøen, seier havforskar Keno Ferter.

Kan gi auka utkast

Han er prosjektleiar for forskinga på fritidsfiske, inkludert turistfiske, ved HI.

– Vi er blant anna bekymra for det som heiter "high grading" på fagspråket, altså å kaste uti ein daud fisk med lågare matverdi så snart du får ein fisk av høgare verdi, forklarer Ferter.

Ein kvotereduksjon kan også føre til auka fang og slepp, med utkast av fisk som ikkje overlever.

Mindre innhogg i nord enn i sør

HI sin eigen forsking på fritidsfiske, viser at uttaket av dei ulike fiskeartane varierer stort mellom områda.

For eksempel står fritidsfiske med stong (inkludert turistane) for minst halvparten av all torskefangst i Hordaland. I Troms utgjer det derimot anslagsvis 10 prosent av den totale torskefangsten ved kysten. 

– Det kan dermed vere meir hensiktsmessig med meir artsspesifikke og områdespesifikke begrensningar, seier Ferter.

HI viser i høyringssvaret til at det i andre land gjerne er brukt besittelsesgrense ("bag limit") per art, fredingstider, minste- og maksmålsreguleringar for å få ned trykket på enkeltartar i bestemte område.

Les heile høyringssvaret her (PDF)