Havforskarane rår om at det ikkje vert fiska torsk utanfor Jan Mayen i 2025.
Fotograf: HavforskingsinstituttetPublisert: 07.02.2025
Havforskarane rår om at det heller ikkje i 2025 vert opna for kartleggingsfiske av torsk ved Jan Mayen.
– Ny forsking syner at torsken utanfor Jan Mayen kan vere ein sjølvreproduserande bestand. Dette fører til at verneomsyn får sterkare vekt i år enn i fjorårets tilråding, forklarar bestandsansvarleg Bjarte Bogstad.
Resultata synte at det i nokre år vert verande nok yngel kring øya til at desse kan vere ein eigen bestand.
– Dersom Jan Mayen-torsken er ein eigen bestand, krev dette ein annan type tilrådd forvaltning enn dersom det er fisk som innvandrar til området, forklarar Bogstad.
– Ein mindre, lokal bestand vil vere meir sårbar for fiske og dimed krevje meir varsam beskatning.
Forskarane rår difor til ei føre-var-tilnærming i 2025.
Også for 2024 rådde havforskarane om fiskestopp, med bakgrunn i lågare fangstratar enn før. Desse omsyna er også tekne med som grunnlag for kvoterådet for 2025.
Havforskarane peikar vidare på at eit kartleggingsfiske med same metodikk og liknande omfang som tidlegare er den einaste praktiske måten for å overvake bestanden.
Kartleggingsfiske med line har vore gjennomført årleg i perioden 2019-2023.
– Vi rår om at det ikkje vert opna for kartleggingsfiske etter torsk i Jan Mayen-sona i 2025, men at det kan opnast for dette i 2026.
I tillegg rår forskarane om at det som i tidlegare år vert innført ei avgrensing for bifangst av torsk i blåkveitefisket i fiskerisonen ved Jan Mayen.
Rådet er sendt til Nærings- og fiskeridepartementet.