Publisert: 13.01.2025
Heilt sidan torsk vart fiska i farvatnet kring Jan Mayen tilbake i 2018, har forskarane prøvt å nøste opp i kvar han stammar frå.
Er han innfødd eller ein tilflyttar til vulkanøya?
Genetikkanalysar og otolittane fortel at torsken har blanda opphav – han stammar både frå Island og frå Barentshavet. Men, han er genetisk ulik begge bestandane.
No har havforskarane undersøkt om det er mogeleg at Jan Mayen-torsken kan vere ein eigen bestand.
Sokkelen ved Jan Mayen har nyleg vorte identifisert som eit gytefelt for torsk.
– Om denne torsken skal vere ein sjølvrekrutterande bestand, krevst det at nokre av individa som vert gytte nært øya også vert verande i området – at dei ikkje vert spreidde for alle vindar, seier havforskar Bjarte Bogstad.
Dette går det faktisk an å rekne ut, og det er her havforskar Håvard G. Frøysa kjem inn.
Frøysa har simulert skjebnen til desse torskeegga og -larvane – frå den spede starten ved vulkanøya i Norskehavet til yngelen botnslår.
Funna er nyleg publiserte i tidsskriftet Fisheries Oceanography.
Ved hjelp av ein avansert oseanografisk modell, har Frøysa undersøkt drivbanene til torskeegg og -larvar i åra 2001 til 2020 – årsklassar som samsvarar med fiskeridata frå kartleggingstokt ved øya.
– Vi har etterlikna gyteåtferda til torsken i modellen. Individa vert sleppte til ulike tider og på ulike plassar, som vi har estimert ut frå fangstdataa vi har frå kartleggingstokta våre, forklarar Frøysa.
Ved Jan Mayen gyt torsken litt seinare på året og kvart individ utviklar seg nokre knepp saktare, fordi vatnet er kaldare enn i Barentshavet.
Egga flyt rundt ein dryg månad før dei klekker, og larvane held seg så pelagisk i nokre månadar. Men når yngelen nærmar seg eit halvt år gamle, då er det på tide å slå seg ned.
– Om larvane framleis er i heimtraktene, og i område kor det er grunt nok til at dei kan botnslå, i oktober til november, reknar vi dei som «behaldne», seier havforskaren.
Resultata viser at det er store variasjonar frå år til år. Nokre år er det knapt eit einaste individ som er att kring Jan Mayen, innan dei botnslår.
– Men andre år kan meir enn 20 prosent av larvane verte verande, slik at Jan Mayen-området «beheld» dei, seier Frøysa.
Torsken er fruktbar og dødelegheita varierer veldig for egg og larvar, så ein bestand kan bevare seg sjølv, endå eit fåtal av larvane vert att kring øya frå eitt år til det neste.
– Funna våre tyder på at det er potensial for ein eigen bestand, seier Frøysa.
Men det krevst fleire og andre typar undersøkingar for å få endeleg fasit, presiserer havforskaren.
Om Jan Mayen-torsken er ein eigen bestand vil det kunne få konsekvensar for den tilrådde forvaltninga i området.
Vidare syner resultata at torskeegga og -larvane som forlet heimtraktene, vert førte mykje på same kurs: sørvestover mot Aust-Grønland.
Håvard G. Frøysa, Bjarte Bogstad, Tom Williams, Jan Erik Stiansen. On the Retention of Cod Early Life Stages Spawned at Jan Mayen. Fisheries Oceanography.
https://doi.org/10.1111/fog.12719