Gå til hovedinnhold

Vintertoktet: Fleire tusen nautiske mil gjennom mørke, storm og is


Utsikt fra broen på et fartøy. Lyskasteren lyser opp det isdekte havet bak fartøyet

«Kronprins Haakon» er eitt av to norske fartøy som deltek på Vintertoktet. 

Fotograf: Thomas de Lange Wenneck / HI

Det årlege botntråltoktet i Barentshavet er inne i sluttfasen.

– Jakta på torsk og hyse fortset. Med standard fangstutstyr og reiskapar, har vi har jobba oss gjennom mørke, storm, is, bølgjer, nokre lysglimt og fleire tusen nautiske mil, seier Thomas de Lange Wenneck. 

Han er toktleiar på årets Vintertokt i Barentshavet.

15. januar kasta det første fartøyet loss frå Tromsø. No, snart åtte veker seinare, nærmar havforskarane seg kaikanten att.   

Same procedure as every year

Vintertoktet dekker botnfiskbestandar i Barentshavet, og har vorte utført på same måte sidan 1990-talet.  

Havforskarane dreg nordover kvart år til faste periodar, på faste område og med faste metodar på faste stasjonar. 

I år dekker dei to norske fartøya «Kronprins Haakon» og «Johan Hjort» den norske sona, medan fartøyet «Vilnius» dekker russisk sone. 

– Det er ei omfattande undersøking, som gjev viktige data til berekning av både torskebestanden og hysebestanden, forklarar Wenneck. 

Sidan gytebestanden hos torsk er under føre-var-nivået er ekstra spenning knytt til resultata frå årets Vintertokt. 

Går inn i bestandsberekninga

På toktet gjer havforskarane også fleire ting, som å samle inn sjømatprøver og ta prøver av snøkrabbe. Men det er torsk og hyse som har hovudrolla. 

Vegen mot eit kvoteråd held fram idet forskarane går i land. 

– Etter toktet reknar forskarane på dataa som vart samla inn, noko som så dannar grunnlaget for kvoterådet for neste år, avsluttar toktleiaren.

Tre bilde sett sammen som viser at det er påfryst på fartøyet
Det kan vere kjølig på tokt i nord. 
Foto: Malin Skage Lie / HI