Gå til hovedinnhold

Sei frå om du ser breiflabb-egg


breiflabbegg

Eggbanda kan avsløre om breiflabben gyt tilstrekkeleg i norske farvatn.

Forskarane tvilar nemleg på akkurat dette.

– Vi veit at noko breiflabb-gyting føregår, men vi veit ikkje kor mykje, seier havforskar Kjell Nedreaas. 

For å tette kunnskapshola om bestanden her heime – og særleg nord for Stad – treng havforskarane observasjonar av gytande breiflabb og eggband. 

– Breiflabben gyt egga sine i eit langt band. Under vatn kan dette eggbandet minne om eit slør som blafrar med straumen, seier havforskaren og held fram: 

– Men dersom bandet har reke inn til fjæresteinane eller vikla seg rundt iletau slik at du dreg det i land, minner det meir om ei seig gelémasse. 

Tusenvis av egg i ei remse

Og dette eggbandet kan vere stort. Det kan verte opp mot 17 meter langt og ein halv meter breitt. 

I kvart av desse banda er det tusenvis av egg, opptil ein million egg i dei største. 

– Heilt ferske, er banda oransje-rosa i fargen. Etter kvart vert bandet blankt og meir gjennomsiktig, slik at ein kan sjå egga og larvane som er i ferd med å utvikle seg, og skal klekkast, seier Nedreaas. 

Breiflabben gyt i februar til juni. Eggbanda driv ofte i sjøen, og kan henge seg faste i tau, garn eller notveggen i merdar.  

Eit potensielt særnorsk fenomen er at store breiflabbar har lag med å strande tidleg på våren.  Brorparten av desse er drektige. Kva dette kjem av, veit forskarane ikkje. Det er eitt av fleire uløyste breiflabb-mysterium.  

Observasjonane let HI kartlegge og dokumentere gyteåtferd langs norskekysten. Havforskarane meiner breiflabben gyt for lite til at bestanden er sjølvrekrutterande i våre farvatn. 

– Vi meiner at vi er avhengige av yngel og ungfisk som kjem frå område lenger sør, seier Nedreaas.

«Slimduk»

HI har tidlegare både etterlyst og fått meldingar om eggband frå breiflabb via folkeforskingplattforma vår Dugnad for havet

For berre to veker sidan fekk vi melding om ein drektig hofisk som hadde stranda i fjæresteinane i Nordhordland med eggbandet halvvegs ute. For eit par år sidan tikka det inn ei melding frå ein som hadde funne eggband mellom nota og luseskjørtet i ein oppdrettsmerd. 

«Lå viklet inn i et innfestingstau. Var som en slimduk med tusenvis av små egg inni, men kun ett lag med egg,» skreiv innsendar. 

– Då fekk vi fleire gode bilete både av bandet og omgjevnadane – og det er akkurat slikt vi treng, rosar Nedreaas.

Kollasj av to bilder som begge viser eggbånd fra breiflabb. Det ser ut som en slimete gelemasse med mange prikker i seg
Eggband frå breiflabb kan verte store. 
Foto: Privat (etter avtale), Dugnad for Havet