Gå til hovedinnhold

Sildegytetoktet: Såg langt mindre sild enn i fjor

Tyder på fortsatt nedgang for nvg-silda.

Mellom 15. februar og 3. mars var forskarane på sildegytetokt frå Møre til Tromsøflaket om bord på "Eros" og "G.O. Sars".

Dei såg mindre av silda enn på fjorårets tokt – som venta.

23 prosent nedgang frå førre tokt

– Ut frå observasjonane våre med ekkolodd og trål, anslår vi at gytebestanden var 23 prosent mindre rekna i tonn, seier toktkoordinator Are Salthaug.

Han minner samtidig om at gytetoktet berre er éin av fleire kjelder til data om sildebestanden.

– Men årets nedgang er i tråd med tidlegare prognosar og kvoteråd, seier Salthaug.

"En ekte Lofot-sild jeg er"

Også i år var mesteparten av silda å sjå utanfor Lofoten og Vesterålen – på bankene og langs Eggakanten.

– I likheit med dei tre siste åra, var det veldig lite sild å finne på dei tradisjonelle gytefelta sør for Røstbanken, seier Salthaug.

Eldrebølga fortset

Den dominerande årsklassen i gytebestanden er framleis silda frå 2016, som no er heile ni år gamle. Desse utgjorde 56 prosent av bestanden.

– Eldrebølga held fram med andre ord. Målingane frå toktet tyder på at neste verkeleg store årsklasse framleis lar vente på seg, seier Salthaug.

Forøvrig gjekk toktet etter planen og forskarane fekk samla inn verdifull informasjon om gytebestanden, trass dårleg vêr.

Ny reknemåte kjem

No jobbar forskarane i det internasjonale havforskingsrådet ICES med ein metoderevisjon av bestandsvurderinga for nvg-silda. 

Det vil seie at dei vurderer å gjere endringar i "reknestykket" for korleis dei anslår den totale mengda sild.

Ei revidert bestandsberekning kjem truleg på forsommaren, og kvoterådet for 2026 til hausten.

Sjå fleire resultat i den tekniske toktrapporten ved å klikke på lenken under:

Referanse

Are Salthaug, Erling Kåre Stenevik and Espen Johnsen. Distribution and abundance of Norwegian spring-spawning herring during the spawning season in 2025. Rapport fra havforskningen 2025-18