Gå til hovedinnhold

Arendalsuka – Debatt om tang, tare og berekraftig matproduksjon


Illustrasjonsbilde - tareskog

Illustrasjonsbilde - tareskog

Fotograf: K.M. Norderhaug, HI
Dato 16. august 2023 19:00 - 20:30
Sted GRID-Arendal (inngang frå Rådhusgata)
Nettside Nettside

Norsk nettverk for blå skog (NBFN), Havforskingsinstituttet, GRID-Arendal, Norsk institutt for vassforsking (NIVA) inviterer til debatt under Arendalsuka:

Tang, tare og berekraftig matproduksjon: Moglegheiter og barrierar for industrien

Befolkningsvekst og behovet for meir berekraftig matproduksjon har gitt auka fokus på havet som et matfat. Mykje peiker på at dyrking av blå skog, inkludert tang og tare, kan utvikle seg til å bli ei omfattande, global næring. For Noreg er det spådd at vi innan 2050 kan produsere så mykje som 20 millionar tonn makroalger i året. Men i 2022, åtte år etter det første løyvet til dyrking av tare blei tildelt, hadde den årlege produksjonen berre vakse til cirka 500 tonn. Bak dette beskjedne talet ligg ei rekke prosesser, prosjekt og trendar som kan bidra til akselerert framdrift. Det blir for eksempel jobba med å effektivisere dyrking og foredlingsmetodar. Regelverket har også blitt endra for å definere tang og tare som sjømat. Samtidig er det auka interesse for tang- og tareprodukt, fornya interesse for fleirbruk av marint areal og satsing på blant anna berekraftig dyre- og fiskefôr. 

Er dette nok til å få industrien skikkeleg i gang? Vi samlar politikarar, næringslivet, sivilsamfunn og forskarar til debatt.
Arrangementet på 45 minutt vil bli etterfølgt av 45 minutt til mingling med uformell diskusjon og smaksprøver.

Kokk Patrik Christopher Hemstrøm serverer to retter:
1) Nypoteter, krema skaldyrsaus og trøffeltang og 
2) Havsalat cracker med nøttekrem, tørka havsalat og gresskarblomst (vegansk). 

Medverkande

  • Kristina Sigurdsdottir Hansen, statssekretær (AP), Nærings- og fiskeridepartementet
  • Tanja Hoel, direktør, Hatch Blue Norway
  • Harald Sveier, leiar for forsking og innovasjon, Lerøy
  • Marie Hauge, kommunikasjonsdirektør, Havforskingsinstituttet
  • Cecilie Wathne, leiar, Norsk nettverk for blå skog
  • Gunhild Borgersen, forskar, NIVA

Kontaktperson: Cecilie Wathne, Norsk nettverk for blå skog (NBFN), 980 36 833, cecilie.wathne@hi.no

Programmet blir livestreama.