Dato | 06. mai 2024 12:00 - 15:00 |
---|---|
Sted | Møtelokale Pynten i Nordnesparken, HI, Bergen |
– Vi vil vise fram mogelegheitene som ligg i nye teknologiar og dei mange dørene dette kan opne for framtidas havforsking, seier digitaldirektør Linn Cecilie Moholt.
HI Digital inviterer difor til ein Open dag i HIs møtelokale Pynten i Nordnesparken, 6. mai klokka 12–15.
På plakaten står spanande miniføredrag, og tech-stands der du kan verte oppdatert på siste nytt på digitalfronten: dei banebrytande teknologiane som legg grunnen klar for banebrytande forsking.
Selskapa Nordic USV, Sailbuoy, Saildrone, Syrenna og forskingsinstituttet Norce tek alle turen for å fortelje om korleis dei utviklar ny teknologi for å møte komplekse utfordringar – og HI Digital forteljar kva har dette å seie for havforskinga, og kva er HI er i gang med.
I HIs nye strategi er ei av hovudmålsettingane nettopp at vi skal ta i bruk ny teknologi og auke innovasjonstakta.
– Ny teknologi kan gi oss mange spennande forskingsmogelegheiter, så her er det om å gjere å vere nysgjerrig! rår Linn.
Publisert: 02.05.2024