Gå til hovedinnhold

Rosendalsveko 2023


Rosendal - sett fra sjøen

Rosendal, sett fra sjøen

Fotograf: Stine Hommedal / Havforskningsinstituttet
Dato 07. august 2023 - 08. august 2023 08:00 - 15:00
Sted Folgefonnsenteret, Rosendal
Nettside Rosendalsveko 2023

Rosendalsveko vert arrangert for fjerde gong. Hovudoverskrifta for konferansen i år er «Natur og klima».

Politikarar, styresmakter, næringsliv og representantar frå kunnskapsinstitusjonane på Vestlandet samlast for å drøfte klima, miljø, energi, berekraftig utvikling og det grøne skiftet. 

Måndag 7. august

08:30 – 08:45: Kaffi og registrering

08:45 – 09:15: Velkomst ved Hilde Enstad (ordførar i Kvinnherad), Ingvard Havnen (styremedlem Stiftinga Folgefonnsenteret), Nils Gunnar Kvamstø (direktør Havforskningsinstituttet) og Margareth Hagen (rektor UiB).

09:15– 10:30: Klima og natur – korleis ha to tankar i hovudet samstundes?

  • Innleiing ved klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap)
  • Nytt frå naturpanelet ved Vigdis Vandvik (UiB)

Panelsamtale: Espen Barth Eide (KLD), Vigdis Vandvik (UiB) og Helge Drange (UiB).
Moderator: Mathias Fischer (Initiativ Vest)

10:30 – 11:00: Kaffipause

11:00 – 12:30: Kraft og natur

  • Innleiing ved Kjetil Lund (NVE)
  • Fagsamtale: Siri Espedal Kindem (Equinor), Knut Førland (HYDS), Ragnhild Janbu Fresvik (Eviny), John Martin Mjånes (SKL), Tom Skauge (Naturvernforbundet).
  • Panelsamtale: Espen Barth Eide (Ap), Sveinung Rotevatn (V), Lars Haltbrekken (SV) og Liv Kari Eskeland (H). 
    Moderator: Lars-Henrik Paarup Michelsen (Klimastiftelsen)

12:30 – 13:30: Lunsj på kaia

13:30 – 15:00: Grøn omstilling – Vestlandet som føregangsregion

Gjennom verdiane kompetent, open og modig skal VLFK arbeide for visjonen om eit nyskapande og berekraftig Vestland. Prosjektet Grøn region Vestland tek sikte på å jobbe fram ei felles forståing for korleis ein skal jobbe for å sikre grøn næringsutvikling i Vestland. Vestland fylke gir oss status!
Ansvarleg: Grøn region Vestland.

15:30- 16:00 Kaffipause

16:00 – 17:00 Frå klimaangst til klimahandling – berekraft inn i undervisninga

Panelsamtale med dei unge, moderert av Frøy Gudbrandsen.

17:00 – 19:00 Uteaktivitet

20:00 – 22:00 Middag i Ridderstuen på Baroniet i Rosendal

Tysdag 8. august

08:00 – 08:30: Kaffi

08:30 – 09:40: Klima og breen

I denne sesjonen vert det korte oppdateringar frå forskingsfronten med forskarar frå UiB og Bjerknessenteret.

  • Kva kan fortida fortelja om klimasystemet?
  • Kva skjer med Folgefonna i dag?
  • Korleis vert framtida på Vestlandet?

09:40 – 10:50: Berekraftig reiseliv

Over 90 prosent av besøkjande oppgir naturverdiane som fremste reason to go. Men korleis vert denne kritiske innsatsfaktoren for reiselivet forvalta?
– Kva konsekvensar har tap av natur for kommunar og næringsliv? Aksel Mjøs (NHH)
– Grøn klimaturisme. Helene Ødven (DNT)
– Det grøne skiftet i reiselivet. Arild Molstad.

Panelsamtale med mellom andre Helene Ødven (DNT), Arild Molstad og Aksel Mjøs (NHH).
Moderator: Visit Hardangerfjord v/ Andreas Skogseth

10:50 – 11:20: Kaffipause med noko å bite i

11:20 – 12:20: Korleis står det til med fjordane våre?

  • Korleis står det til med økosystemet i fjordane våre? Øyvind Fiksen (UiB)
  • Kva kan Etneelva lære oss om laksen i havet og effektar av havbruk? Kevin Glover (HI)
  • Innovative løysingar for havbruk – sett frå næringa sitt perspektiv? Erlend Eide (Eide fjordbruk)
  • Korleis kan modellar hjelpe oss med å finne løysingar for havbruk? Anne Sandvik (HI)

Panelsamtale. Moderator: Mari Myksvoll (HI)

12:20 – 13:20: Småbruket: Ei økonomisk, sosial og miljømessig berekraftig løysing? 

Den største ressursknappheita på Vestlandet er matjord. Burde vi ikkje då utnytte den ressursen så godt som mogleg? Det er det nokon prøvar å gjere: Småbrukarane.
Er småbruket ei undervurdert brikke i Vestlandet si klimaomstilling? Bli med på paneldiskusjon om jordbruk på Vestlandet.

Paneldeltakarar:

  • Katinka Kilian og Grzegorz Kramar (Undeland Gard)
  • Anton Langeland (bonde og generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag)
  • Anna Milford (forskar i Divisjon for matproduksjon og samfunn, NIBIO)
  • Natalia Golis (fylkesvaraordførar Vestland, MDG)

Moderator: Silje Kristiansen, førsteamanuensis Senter for klima og energiomstilling (CET), UiB

13:20 – 13:30: Oppsummering og vegen vidare

13:30 – 14:00: Lunsj

14:25: Avreise snøggbåt Bergen

Med atterhald om endringar. Oppdatert program, praktisk info og billettar: www.folgefonnsenteret.no.

Programkomiteen: Kerim Hestnes Nisancioglu (UiB/Bjerknes), Jostein Bakke (UiB/Bjerknes), Charlotte G. Krafft (Energiomstilling Vest), Geir Lasse Taranger (HI), Una Kolle (Folgefonnsenteret) og Ingvard Havnen (Folgefonnsenteret).

Kjøp billett her! 
 

brosjyre med bilder fra Rosendal og logoer til samarbeidspartnere