Gå til hovedinnhold

Rosendalsveko 2025


Mennesker står ute på en kaikant

Tek du turen til kaikanten i Rosendal i år? Her frå 2024-utgåva.

Fotograf: Bente Kjøllesdal / HI
Dato 04. august 2025 - 05. august 2025
Sted Folgefonnsenteret, Rosendal
Nettside Rosendalsveko 2025

Klimavegval, kraftforsyning, havvind, fjordmiljø og reiseliv er nokre av årets stikkord. Billettsalet opnar snart. 

Med Rosendalsveko samlar vi kunnskapsinstitusjonar, næringsliv, samfunnsliv og politikarar til idémyldring rundt klima, naturmangfald, energi, næringsutvikling og berekraft.

Måndag 4. august

08:30: Kaffi og registrering

09:00: Velkomst ved Thea Vaage 

09:15-10:30:  Klimaveival

Dersom vi skal nå klimamåla våre med å redusere klimagassutsleppa med 55 % innan 2030 og 90-95 % innan 2050, står vi overfor krevjande val. Dette gjeld både nivået på framtidig olje- og gassproduksjon, kor raskt vi greier å erstatte fossil energi med ny fornybar kraft som vasskraft, utbygging av vindkraft på land og til havs, og andre kjelder som hydrogen og biodrivstoff. Kva må til i dei ulike sektorane for å nå måla, og kva skjer når ambisjonane møter realitetane, til dømes i jordbrukssektoren og når det gjeld krav til elektrifisering av hurtigbåtar? Kor stor del av reduksjonane skal vi ta heime i forhold til kjøp av kvotar, og kor realistiske er klimamåla våre? 

Martin Skancke vil innleia til debatt. Han er leiar av Klimautvalget 2050, som hausten 2023 la fram utvalet sin rapport «Omstilling til lavutslipp – veivalg for klimapolitikken mot 2050». Debatten er mellom sentrale stortingspolitikarar om kva som må til for å nå klimamåla og kva val vi står overfor. 

Påfølgande debattar og duellar med mellom anna: Terje Søviknes (FrP), Linda Merkesdal (Ap), Sofie Marhaug (R) , Liv Kari Eskeland (H), Lars Haltbrekken (SV)
Moderator: Magnus Takvam

10:30 – 11:00: Kaffipause med matbit 

11:00 – 12:30: Vasskrafta og kraftsituasjonen på Vestlandet

Vasskraft er vår viktigaste kjelde til fornybar kraft, og Vestlandet og vår region står for ein stor del av kraftproduksjonen. Dersom vi skal dekke det aukande energibehovet i framtida, vil vasskrafta framleis vere den viktigaste energikjelda på Vestlandet. Men det reiser ei rekke dilemma som vern og naturinngrep, nye framføringslinjer (gjennom Rosendal) og rammevilkår og insentiv for kraftselskapa og kommunane for nye utbyggingar og oppgraderingar. Dessutan kan klimaendringane òg ha stor betydning for vidare utbygging av vasskrafta. 

NVE-direktør Kjetil Lund vil innleie om kraftsituasjonen i Noreg med eit særleg fokus på Vestlandet og betydninga av vasskraft for å møte energibehovet.
Professor Jostein Bakke vil snakke om klimaendringane og kva konsekvensar dei kan ha, og sentrale representantar for Statkraft og SKL vil presentere kraftselskapa sine perspektiv, blant anna med utgangspunkt i sine store planlagde utbyggingar i regionen. Dette dannar utgangspunkt for debatt mellom sentrale politikarar om både konfliktar, dilemma og moglegheiter i utnyttinga av vasskrafta vår. 

12:30 – 13:30: Lunsj 

13:30 – 15:00: Havvind – dyrt og kaotisk?

Havvind har vore eit tema i Norge i meir enn 15 år. Trass dette har Norge under 100 MW installert havvindkapasitet.
All norsk havvind så langt er flytande havvind, der Norge er pioner. Norge har verdas første fullskala flytande havvindturbin (Hywind demo) frå 2009 og verdas største flytande havvindpark (Hywind Tampen). Norges første botnfastprosjekt Sørlige Nordsjø II vart tildelt i 2024.
Kva er vegen vidare for norsk havvind?

Panelsamlate med Per Lund (Odfjell Oceanwind/GoliatVind), Erik Erdal (Aker Solutions), Siri Espedal Kindem (Equinor), Tine Louise Trøen (Eviny)
Moderert av Kristin Guldbrandsen Frøysa

16:30: Ettermiddagsaktivitet i Rosendal

19:00: Middag i Ridderstuen på Baroniet Rosendal

Tysdag 5. august

08:30 – 09:30: Kva meinar folket om klima?

Norsk medborgerpanel er ei forskingsdriven spørjeundersøking om innbyggjarane i Noreg sine meiningar og haldningar. Panelet blir drive av Universitetet i Bergen, og resultata blir brukte av forskarar frå fleire norske og utanlandske institusjonar

09:30 – 11:00: Kva kan gjerast for å betre miljøtilhøva i fjordane våre?

Sesjonen vil utdypa kva faktorar som verkar inn på fjordane våre som klimaendringar, vasskraft, landbasert industriaktivitet, landbruk, andre utslepp, havbruk og fiskeri. Vidare vil ein sjå på ulike tiltak for å betra miljøtilhøva og økosystemet i fjordane, der ein særleg vil sjå på natur-restaurering av mellom anna tareskog, oppsamling og utnytting av slam fra havbruk, og dyrking av tare og blåskjell som ein del av løysinga.

Moderator: Mari Myksvoll (HI/Bjerknessenteret)

11:00 – 11:30: Kaffipause med ein liten matbit

11:30 – 12:50: Korleis påverkar reiselivet klimaet?

Reiseliv, særleg i kyst- og fjordstrøk, er ei stor og raskt veksande næring globalt, i Noreg og i Hardanger. Fleire og fleire natur- og kulturattraksjonar blir knappheitsgode som ikkje alle kan besøkje gratis og når dei vil. Fleire destinasjonar kan kome til å lide av overturisme i framtida. Korleis bør reiseliv organiserast slik at denne næringa kjem lokalsamfunna til gode? Er turismeavgifter og ressursrente vegen å gå, og i tilfelle, korleis? Korleis kan byar og bygder samarbeide til felles beste? Kan Hardanger, Vestland og Bergen vise veg?

Korte innlegg med påfølgende debatt, med mellom anna Per-Arne Tuftin (Norsk reiseliv)
Moderator: Peter Haugan (HI)

12:50: Oppsummering og vegen vidare

13:00: Lunsj på kaien

14:25: Avreise snøggbåt til Bergen

 

Med atterhald om endringar. Programmet vert oppdatert fortløpande med fleire deltakarar. Oppdatert program, praktisk info og billettar: www.folgefonnsenteret.no
Billettar vert lagt ut for sal 1. mai.

 

Programkomiteen: Kerim Hestnes Nisancioglu (UiB/Bjerknes), Jostein Bakke (UiB/Bjerknes), Charlotte G. Krafft (Energiomstilling Vest), Geir Lasse Taranger (HI),
Ingvard Havnen og Una Kolle (Folgefonnsenteret)