Vi testar ut ny teknologi for datainnsamling. Dette inkluderer ubemanna fartøy i lufta og på sjøen, ulike sensorar som Lidar, ekkolodd og hyperspektralt kamera. Målet er å etablere ein metodikk som kan effektivisere kartleggingsarbeidet i grunne sjøområde. På webinaret delar vi erfaringar vi har gjort så langt.
I pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona kartleggjast tre pilotområde: Stavanger, Giske/Ålesund og Skjervøy/Kvænangen. Målet er å etablere eit nasjonalt program for kartlegging av heile kysten.
Program:
Innleiing om djupnekartlegging og utførte aktiviteter ved Helge Welde frå Kartverket
Korleis kan teknologiane vi har testa brukast til biologisk kartlegging? ved Jonas Thormar, Havforskinginstituttet
Bruk av AUV i Mareano-programmet. Korleis kan same teknologi brukast i Marine grunnkart i kystsona? ved Terje Thorsnes, Noregs geologiske undersøking
Ubemanna plattformar for kartlegging:
Dronar med laser (Lidar) og pilotar som styrer dronar i heile verda ved José Luis Gil Yepes frå Nordic Unmanned
SyriUS (satellitt-data + USV) og bruk av USV* på veldig grunt vatn ved Stephanie Kemna frå Maritime Robotics
Ubemanna/fjernstyrte USV-konsept ved Tomas Frafjord frå Xocean
Spørsmål
Webinaret på 45 minutt er digitalt og kan sjåast på Teams via denne lenkja. Opptak av webinaret vil bli gjort tilgjengeleg i etterkant.