Som Miljøfyrtårn har Havforskingsinstituttet forplikta seg til å halde miljøarbeidet i hevd og stimulere til nye tiltak.
Miljøfyrtårn er eit anerkjend og effektivt verktøy for miljøleiing og arbeid med berekraft innan område som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.
Som Miljøfyrtårn får Havforskingsinstituttet hjelp til å jobbe heilskapleg, systematisk og langsiktig med tiltak som vil forbetre miljøprestasjonane våre, redusere klimagassutsleppa og bidra til ei grøn framtid. Dette gir igjen gode føresetnader for å bidra positivt til fleire av FN sine berekraftsmål.
Alle einingane våre har ein egen miljøansvarleg, som saman danner instituttet si miljøgruppe. Denne gruppa har fokus på miljøet og tiltak på tvers av verksemda.
Miljørutinene våre er dokumenterte i instituttet si elektroniske HMS-handbok som er tilgjengeleg for alle våre tilsette.
For å forebyggje, forbetre og effektivisere HMS-rutinene, blir avvik, uønska hendingar og forbetringsforslag melde inn i instituttet sitt avvikssystem. Verneombud kan medverke i saker som gjeld helse, miljø og sikkerheit.
Kvar eining er forplikta til å levere årleg klima- og miljørapport, og denne blir brukt til å følgje opp mål og tiltak. Instituttet skal ha kontinuerleg søkelys på miljø og forbetring, samt foreta ei årleg gjennomgang av HMS-arbeidet.
Med dette skaper vi auka miljømedvit, stoltheit og engasjement blant våre tilsette.
Les meir om miljøsertifisering på www.miljofyrtarn.no
• HIs hovudkontor i Bergen
• Forskningsstasjonen Austevoll
• Forskningsstasjonen Flødevigen
• Forskningsstasjonen Matre
• HIs avdeling i Tromsø
Ønskjer du å gi innspel til klima- og miljøarbeidet vårt som Miljøfyrtårn, følg lenka til vårt digitale skjema.
Publisert: 14.12.2020 Oppdatert: 25.09.2024