Hovudføremålet med toktet er å skaffa indeksar for talet på fisk og data over lengde og vekt for kvar aldersgruppe av sei og kysttorsk nord for 62ºN til bruk i bestandsvurderingar. Dei akustiske registreringane av sei viste ein reduksjon på 15 % samanlikna med 2016. 3- og 4 år gamal sei var mest talrike og indeksane på gjennomsnittsnivå. For kysttorsk var det ein nedgang i indeksane for dei fleste aldersgrupper. Akustisk gytebiomasse var om lag 30 % lågare enn i 2016.