Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Sei i Nordsjøen


sei

Tilrådd kvote 2013: mindre enn 100 684 tonn landingar
Tilrådd kvote 2012: 87 548 tonn landingar
Avtalt kvote 2012: 79 720 tonn landingar
 
 

Samandrag av rådgjevinga frå ICES i juni 2012 for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland:
 

Status

Gytebestanden har vore over føre-var-nivået sidan 1997, men har vorte redusert sidan 2005 og nærmar seg no nivået for føre-var-nivået. Fiskedødsraten har fluktuert kring nivået for maksimalt langtidsutbytte sidan 1997. Rekrutteringa har vore lågare enn middelverdien sidan 2006.

Haustingsregel

Ein omforeina haustingsregel vart vedteken av EU og Noreg hausten 2008. Denne vart vurdert av ICES til å oppfylle føre-var-kriteria på kort sikt.

Forvaltingsråd

Ei omlegging mot maksimalt langtidsutbytte inneber ein fangst på 113 100 tonn i 2013, og vil gje ein gytebiomasse på 241 000 tonn i 2014. ICES tolkar forvaltingsplanen mellom EU og Noreg til at kravet om gytebiomasse gjeld starten av berekningsåret (2012). Gytebiomassen ligg i byrjinga av 2012 over føre-var-nivået, og sidan ei fiskedødsrate på 0,3 vil gje større endring enn 15 %, vil det gje ei kvote på 100 684 tonn i 2014. Reine føre-var-omsyn vil gje ein fangst på 143 000 tonn. Berekningar gjort på bakgrunn av blandingsfiskeria i Nordsjøen viser ei rekkje tenkte effektar av forvaltinga av torsk (som avgrensande art) og viser mellom anna at ei full implementering av forvaltningsplanen for torsk bør gje landingar av sei i 2013 på 59 000 tonn.

Havforskingsinstituttets kommentar

Havforskingsinstituttet stør tilrådinga frå ICES.
Nøkkeltal
Kritisk gytebestandsnivå (Blim) = 106 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa) = 200 000 tonn
Kritisk fiskedødelegheit (Flim) = 0,6
Føre-var-fiskedødelegheit (Fpa) = 0,4
Mål for fiskedødelegheit i høstingsregelen: F = 0,3
Venta fiskedødelegheit i 2012: F = 0,24
Venta gytebestand i 2013: 235 000 tonn

Landinger og fiskedødelighet

Rekruttering og gytebiomasse

Utvikling av landinger, rekruttering, fiskedødelighet og gytebiomasse for sei i Nordsjøen.