Havforskingsinstituttet (HI) gir råd i heile den marine kjeda frå hav til mat. Vi gir råd til forvalting, departement og andre. I tillegg til forsking, driv vi også utstrekt overvaking for å kunne gi råda som er bestilt.
HI sine fagområde spenner frå kyst og fjord og ut i det store havet, alt frå små plankton, botndyr, fiskebestandar til dei største sjøpattedyra. Akvakultur, trygg og sunn sjømat og klima er også viktige område.