Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Lodde ved Island/Grønland/Jan Mayen


lodde 1

For sesongen 2016/2017 er ICES-rådet ein startkvote på 0 tonn. Denne startkvoten vil bli revidert ut frå toktinformasjon om gytebestanden som kjem fram i løpet av hausten 2016, og endeleg kvote blir sett basert på toktinformasjon vinteren 2017.

Hausten 2015 blei talet på umoden lodde (1 og 2-åringar) estimert til 6,2 milliardar individ. Dette er truleg eit underestimat fordi dekninga av loddeutbreiinga ikkje var fullstendig, men er langt under eit terskelnivå på 50 milliardar individ som er grensa for å opna opp for ein startkvote.

Forvaltingsråd

Ein ny metode for bestandsframskriving og rådgjeving for lodde ved Island/Grønland/Jan Mayen blei evaluert og godkjent av ICES i 2015. Den nye metoden liknar den som blir brukt for barentshavslodde, og tar utgangspunkt i at det skal vera minst 95 % sannsyn for at gytebestanden ligg over Blim. Framskrivinga av bestanden inkluderer mellom anna uvissa i toktet og ein dødsrate for lodda som er avhengig av bestandsstorleiken og konsumet hos torskefisk som beitar på lodda. Den nye forvaltningsmodellen gjev også ein meir konservativ startkvote enn tidlegare ut frå eit føre-var-perspektiv.

Havforskingsinstituttet sin kommentar

Havforskingsinstituttet støttar rådet fra ICES.

Viktige tal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 150 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): ikkje relevant