Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk hyse


hi 002002

Tilrådd kvote 2018: 202 305 tonn
Tilrådd kvote 2017: 233 000 tonn
Avtalt kvote 2017: 233 000 tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, skal fangstane i 2018 ikkje overstige 202 305 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore over MSYBtrigger sidan 1989. Dei uvanleg sterke årsklassene 2004-2006 har ført til at gytebestanden har vore rekordhøg dei siste åra, men den har minka frå 2016 til 2017. Fiskedødsraten har vore under FMSY sidan 2008. Rekrutteringa av 3-åringar i 2016 var litt under langtidsgjennomsnittet.

Bestandens tilstand

Bestanden blir hausta berekraftig og har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

 

Bakgrunn

Fangst 2018 (tonn)

Grunnlag

F i 2018

SSB i 2019 (tonn)

% endring i SSB*

% endring i TAC**

Forvaltingsplan

202 305

Forvaltingsplan

0,35

289 378

- 28

-13

* SSB i 2019 samanlikna med SSB i 2018

**Fangst i 2018 samanlikna med TAC i 2017

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Den viktigaste kjelda til uvisse i bestandsvurderinga i år er mangelfull geografisk dekning under forskingstokta og at det russiske botntråltoktet i oktober-desember ikkje vart gjennomført i 2016. I tillegg er prøvetakinga frå kommersielt fiske på eit for lågt nivå, noko den har vore i fleire år.

Saker relevant for rådet

Rådet for 2018 er basert på at fangsten i 2017 er lik den fastsette kvoten på 233 000 tonn. Ein reknar dermed med at den overførte kvoten frå 2016 til 2017 på rundt 30 000 tonn ikkje vil bli tatt.

Mengda av 10 år og eldre fisk har i dei siste åra vore svært høg og langt over kva ein nokon gong tidlegare har observert. Det er difor vanskeleg å samanlikne toktobservasjonar for desse aldersgruppene med tidlegare observasjonar. Dette kan i dei komande åra føre til revisjonar av mengda gammal fisk i bestanden, men ein reknar ikkje med at det vil påverke statusen til bestanden.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2017: 0,31
Venta gytebestand i 2018: 401 586 tonn

Standardplott

 

Hysetabell.jpg

 

For rekruttering, F og gytebestand viser plotta konfidensintervall (95%). For denne bestanden er FMGT=FMSY og SSBMGT=MSYBtrigger=Bpa, difor fell linjene som representerer desse punkta saman på figuren.

Havforskingsinstituttets kommentarar

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES.