Publisert: 16.06.2020 Oppdatert: 10.06.2021
ICES tilrår, i tråd med Den norsk-russiske fiskerikommisjonen sin forvaltingsplan, at fangsten i 2020 ikkje bør overstige 232 537 tonn.
Gytebestanden har vore større enn referansepunktet MSY-Btrigger sidan 1989. På grunn av sterke årsklassar på treårsstadiet i perioden 2007–2009 (2004–2006-årsklassane), nådde bestanden eit rekordhøgt nivå rundt 2013. Dei siste åra har gytebestanden minka, men er framleis langt over MSY-Btrigger. Fiskedødsraten har auka dei siste åra, og er no over målreferansepunktet Fmsy, men under føre-var-referansepunktet Fpa.
ICES vurderer fiskepresset til å vere over Fmsy, men under Fpa og Flim, og at bestanden har full reproduksjonskapasitet.
Bakgrunn |
Fangst 2021 (tonn) |
F i 2021 |
SSB i 2022 (tonn) |
% endring i SSB* |
% endring i TAC** |
% endring i råd*** |
Forvaltingsplan |
232 537 |
0,35 |
272 210 |
+9 |
+8 |
+8 |
* SSB i 20
**Fangst i 2021 samanlikna med TAC i 2020 (215 000 t)
*** Råd for 2021 samanlikna med råd for 2020
Ein metoderevisjon i februar 2020 forbetra metodikken for bestandsvurdering og løyste nokre av utfordringane knytt til dei store naturlege variasjonane i bestanden over tid.
Prognosene tilseier at årsklassene 2016 og 2017 vil utgjere respektivt 42 % og 15 % av fangsten i vekt i 2021. Den gode rekrutteringa dei siste åra, spesielt 2016-årsklassen, gjer at ein reknar med at totalbestanden (3 år og eldre fisk) vil auke noko frå 2021 til 2022.
ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).
Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2020: 0,37
Venta gytebestand i 2021: 249 570 tonn