Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk hyse. Revidert


Hyse

Bilde av hysefangst

Anbefalt kvote 2022
178 532
tonn
Anbefalt kvote 2021
232 537
tonn
Avtalt kvote 2021
232 537
tonn

Rådet er revidert oktober 2021. 

 

 

 

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med Den norsk-russiske fiskerikommisjonen sin forvaltingsplan, at fangsten i 2022 ikkje bør overstige 178 532 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore større enn referansepunktet MSY-Btrigger sidan 1989. På grunn av sterke årsklasser på treårsstadiet i perioden 2007–2009 (2004–2006-årsklassane), nådde bestanden eit rekordhøgt nivå rundt 2013. Dei siste åra har gytebestanden minka, men er framleis over MSY-Btrigger. Fiskedødsraten har auka dei siste åra, og er no over målreferansepunktet Fmsy, men under føre-var-referansepunktet Fpa.

Bestandens tilstand

ICES vurderer fiskepresset til å vere over Fmsy, men under Fpa og Flim, og at bestanden har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

fangst 2022

(tonn)
F 2022

SSB i 2023 (tonn)

%  endring i SSB * % endring i TAC ** % endring i råd ***
Forvaltningsplan 178 532 0,35 198402

-1,9

-23.2 -23.2

* SSB (gytebestand) i 2023 samanlikna med SSB i 2022.
** Fangst i 2022 samanlikna med TAC i 2021 (232 537 tonn).
*** Råd for 2022 samanlikna med råd for 2021 (232 537 tonn).

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Metoderevisjon gjennomført i 2020.

Saker relevant for rådet

Kvoterådet er 23% lågare enn rådet for 2021. Dette skuldast ei nedjustering av bestanden etter siste bestandsvurdering. Nedjusteringa skuldast låge toktindeksar hausten 2020 og vinteren 2021.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2021: 0,44
Venta gytebestand i 2022: 202 162 tonn
Tilrådd kvote 2022: 178 532 tonn
Tilrådd kvote 2021: 232 537 tonn
Avtalt kvote 2021: 232 537 tonn

Standardplott

Nordaustartisk hyse. Revdiert råd 2022
Nordaustarktisk hyse. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist.