Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk hyse


hyse r web
Anbefalt kvote 2025
106 912
tonn
Anbefalt kvote 2024
127 550
tonn
Avtalt kvote 2024
141 000
tonn

Norsk-russisk råd

Den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, bør fangstane i 2025 ikkje overstige 106 912 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore stabil dei siste åra, mens totalbestanden har minka. ICES vurderer fiskepresset til å vere over Fmsy, men under Fpa og Flim, og at bestanden har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2025 (tonn) F2025 SSB i 2026 (tonn % i endring* 5 endring i kvote** % endring i råd***
Forvaltningsplan 106 912 0,35 148 477 16 -24 -16

* SSB (gytebestand) i 2026 samanlikna med SSB i 2025.
** Fangst i 2025 samanlikna med kvote i 2024 (141 000 tonn).
*** Råd for 2025 samanlikna med råd for 2024 (127 550 tonn).

Ein reknar med at nedgangen i fangst og gytebestand vil halde fram i alle fall inntil 2021-årsklassen blir fullt rekruttert til fiske og gytebestand etter alder 5.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Gytebestanden vart nedjustert i årets bestandsvurdering.

Saker relevant for rådet

På grunn av at russiske forskarar er suspendert frå ICES, vart bestandsvurderinga, som i 2022 og 2023, gjort av den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) samansett av forskarar frå VNIRO i Russland og frå Havforskingsinstituttet. Metodikken frå siste ICES metoderevisjon vart brukt.

Dei innkommande årsklassene ser ut til å vere middels eller over middels. Det er viktig at desse ikkje blir utfiska før dei har utnytta vekstpotensialet sitt og bidratt til gytebestanden.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2024: 0,493
Venta gytebestand i 2025:  128 267 tonn
Tilrådd kvote 2025: 106 912 tonn
Tilrådd kvote 2024: 127 550 tonn
Avtalt kvote 2024: 141 000 tonn

Standardplott

Nordaustarktisk hyse. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist.

Figur som viser standardplott for NAH kvoteråd 2025

Les hele rådet IMR/PINRO rapport nr. 3-2025