Gå til hovedinnhold

Tema: Lomre

Med sin fine marmorering i raudbrunt og gulbrunt på augesida, blir lomra kalla vår vakraste flyndrefisk. Blindsida er kritkvit. Lomra har eit lite hovud med tjukke oppsvulma lepper. Kroppen er ovalforma og skjela er glatte og små. Hoene blir større enn hannane. 

Lomra lever på 10–260 meters djup og er ein vanleg fisk på sandbotnen, særleg i Nordsjøen. Langs kysten finst han òg på alge-botn. 

Arten vandrar i korte periodar, der blant anna større lomre kjem til kysten om sommaren. Børstemark er favorittføde, men han et i tillegg små muslingar, sniglar, reker, slangestjerner og tanglopper. Lomrene blir kjønnsmodne når hannane er 3–4 år og hoene 4–6 år gamle. 

På Dei britiske øyar er lomre ein populær matfisk, men mindre vanleg matfisk i Noreg. Dei store fangstane som tas ved Island, blir tatt i land i Storbritannia. Lomre blir ofte fanga med snurrevad og trål, men også som bifangst i reketrål. Minstemålet er 25 cm. Noreg leverer data på denne arten, men utover det er den ikkje særleg forska på.