Publisert: 14.01.2025
Mulle finst hovudsakleg mellom 3 og 90 meters djup, vanlegvis mellom 30 og 60 meter.
I Middelhavet driv mulla fødesøk i stimar, hos oss er det stort sett enkeltindivid eller små grupper. Det har blitt observert at arter av mullefamilien kan samarbeide med blekksprutar i jakta på mat.
Mulle har svært tydelege skjeggtrådar. Desse er svært følsame og bevegelege, og blir brukte til å finne mat ved botnen og i uklart vatn.
Eit spesielt særtrekk er at mulle har forskjellig mønster dag og natt; om dagen med langsgåande striper i gult og svart, om natta marmorert i kvitt og raudt.
Allereie i romertida var mulle kjent som ein god og svært ettertrakta matfisk.
Dette er ikkje ein art vi forskar på.
• P. Pethon (2005). Aschehougs store fiskebok (5. utg.). Oslo. ISBN 82-03-23247-7.
• Artsdatabanken.no https://artsdatabanken.no/lister/rodlisteforarter/2021/25578