Publisert: 14.01.2025
Huda er ru av beinknutar; mest ved sidelinja, på gjellelokka og ved basis av rygg- og gattfinne. Sidelinja er svakt bua over brystfinnen. Skrubbe kan ha raude flekker som raudspetta (som ho kan hybridisere med), men ikkje like kraftig raudfarge. Misfarga individ er relativt vanleg, og ein kan ofte finne skrubbe med flekker eller mørk farge på blindsida. Inntil 1/3 av skrubbene er ‘feilvendte’/venstrevendte. Om natta er dei å finne på grunt vatn, om dagen grev dei store skrubbene seg ned i sanden.
Skrubba gyt langs heile kysten, og kan treffast heilt frå fjæra til omkring 120 meters djup.
Finst ofte i brakkvassområde, og til og med i ferskvatn, spesielt om sommaren. Dette gjeld hovudsakleg ung, umoden fisk. Om vinteren trekker dei fleste skrubbene ut på djupare og saltare vatn.
Skrubba kan bli inntil 16 år gammal.
I Nordsjøen og Det baltiske hav blir skrubbe fiska kommersielt, og er også ein populær sportsfisk i bl.a. Sverige og Storbritannia. Fangstane har gått noko nedover dei siste åra.
Dette er ikkje ein art vi forskar på.