Publisert: 14.01.2025 Oppdatert: 15.01.2025
Fargen blir ofte tilpassa miljøet han lever i. Typisk lever han på mjuk havbotn med sand eller leire på djup mellom 4 og 80 meter. Slettvar liknar på piggvar, men har ein kroppsform som er litt slankare og meir langstrakt.
Gytinga skjer på våren/forsommaren på djup mellom 10 og 30 meter. Modningsalder for hannen er 1 år og 2 år for hoene.
Slettvar er utbreidd på grunnare djup frå aust i Atlanterhavet og ned mot Middelhavet, men det er òg rapportert tilfelle av slettvar som strekkjer seg utanom desse områda. Det er ein liten differensiering mellom slettvar i dei ulike områda, og slettvar blir derfor behandla som éin samla bestand i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og Den engelske kanal.
Dietten til slettvar består hovudsakleg av botnfisk og krepsdyr. Etter kvart som han går frå å vere juvenil til å bli vaksen, endrar dietten seg i takt med veksten. Slettvaren startar med å ete larver og større invertebratar, for så å gå vidare over til små fisk.
Slettvar blir fanga som bifangst i strandnot, toggegarn/trollgarn, line og trål.
Bestanden har hatt ein nedgang i Svartehavet pga. overfiske og endring (degradering) av habitat. Arten er lista som livskraftig og lite trua, men med anbefaling om å forbetre fiskeriovervaking, sørge for ei auke i vern av habitat nær kysten og å samle inn meir data om status på denne arten langs Den iberiske halvøy.
Dette er ikkje ein art vi forskar på.