Gå til hovedinnhold

Tema: Smørflyndre

Smørflyndra er ein fisk i flyndrefamilien. Ho er utbreidd på begge sider av Atlanterhavet på den nordlege halvkule, frå Biscayabukta til Kattegat og Det baltiske hav, nordover langs heile norskekysten og aust til Murmansk-regionen i Russland, og rundt Island.

Smørflyndra føretrekker eit habitat med finare sedimentbotn som leire og gjørme, vanlegvis mellom 45 og 370 meters djup ved temperaturar frå 2–6 oC. Samanlikna med andre medlemmer av flyndrefiskfamilien er ho sakteveksande. Hannane blir kjønnsmodne i 3–4-årsalderen, hoene nokre år seinare. Dei gyt i perioden mars til september, tidlegast i det sørlege utbreiingsområdet. Når larvene er 5–6 cm lange, botnslår dei, dvs. at dei startar livet sitt på botnen, men på litt grunnare vatn enn seinare som vaksen. 

Den største registrerte smørflyndra var 60 cm lang og vog 2,5 kg, men dei blir sjeldan større enn 30–40 cm. Smørflyndra blir vanlegvis ikkje eldre enn 14 år – den eldste registrerte smørflyndra blei 25 år gammal.

Denne flyndra er vanlegvis ein bifangst i andre botnfisk-fiskeri. Ho er ein god matfisk, men utan noko særleg betydning her heime. Som matfisk er ho marknadsført som fersk eller frossen, tillaga dampa, steikt, eller bakt i omnen. 

Norsk fangst ligg på rundt 100 tonn årleg. Dei fleste norske landingar av smørflyndre er fiska i Nordsjøen, men arten er sjeldan levert i Noreg, der prisen for smørflyndre er lågare enn for eksempel i Danmark der den er rekna som ein delikatesse. Kjøtet er kvitt, magert og fast, og har ein mild og søt smak.

Dette er ikkje ein art vi forskar på.