Sørishavet kan delast inn i tre ulike soner: ei ytre, isfri sone, ei midtre sone og ei indre sone med permanent is rundt Antarktis. Det er mest liv og røre i den midtre sona, og det er her krilen held til.
Kril er ein nøkkelart i Sørishavet. Den er den viktigaste maten for fisk, blekksprut, pingvinar, sel og kval. Det er uvanleg lange steg mellom dei ulike ledda i næringskjeda i Sørishavet. Det betyr at den vesle krilen et mikroskopiske små fytoplankton – for så igjen å bli spist av ein diger kval.
Noreg er størst blant nasjonane som driver kommersielt fiske på kril i Antarktis. Derfor har Noreg eit ansvar for å sikre at fangsten er berekraftig og ikkje skader økosystemet. Havforskingsinstituttet bidrar med forsking og overvaking for å levere eit kunnskapsgrunnlag til krilforvaltinga. Resultata våre, i form av analyser og rapportar, blir presenterte i internasjonale forum.
Publisert: 27.03.2019 Oppdatert: 13.04.2021