Desse organismane er rike på blant anna langkjeda marine omega-3-feittsyrer og protein av høg kvalitet til bruk som mat og fôr.
Det er viktig å kunne dokumentere nivå av uønskte stoff i nye marine ressursar før ein eventuell næringsutvikling kjem på plass.
Havforskingsinstituttet er i gang, og i 2018 analyserte vi innhaldet av framandstoff og nokre andre stoff med potensielt negative helseeffektar i tre arter av mesopelagisk fisk frå Norskehavet og Sognefjorden (se rapport frå Wiech et al. 2018 her).
Overvaking og kartlegging av mesopelagiske ressursar er eit prioritert område for Havforskingsinstituttet.
Publisert: 09.07.2019 Oppdatert: 15.09.2021