Gå til hovedinnhold

Plansaker i kystsona

Inngrep som blir gjort i kystsona, kan gi midlertidige effektar eller meir permanente effektar på marine naturverdiar.

Mange plansaker vil berre ha midlertidige effektar som stort sett vil påverke naturtypen mens inngrepet pågår. Ulike former for utslepp av sediment og kjemikaliar vil kunne returnere til ein naturleg tilstand når inngrepet er ferdig.

Inngrep på land kan også føre til midlertidige effektar i sjøen gjennom avrenning frå elver og bekker. Andre former for tiltak som f.eks. sprenging, kan gi både midlertidige og permanente effektar. Sprenging i eller nær sjø kan påverke marine organismar og gi straksreaksjonar. Omfanget og alvoret av midlertidige effektar vil avhenge av når og kor lang tid eit inngrep går føre seg. 

Enkelte naturtypar vil være sårbare for midlertidige inngrep berre i periodar av årssyklusen. Sprenging i et gytefelt i gytetida vil kunne gi fryktreaksjon og mislykka gyting, mens tilsvarande tiltak utanfor gytetida kan vere uproblematisk for gytinga.

Permanente skader på naturtypar vil vere tiltak der naturtypen blir skada slik at dette området mister sin funksjon og ikkje nødvendigvis returnerer til ein naturtilstand. Ved å sprenge farlei, for eksempel, kan sirkulasjonen i ein naturleg oksygenfattig fjord endrast dramatisk. Gyting hos fisk kan vere knytta til spesielle topografiske formasjonar på botnen. Om desse blir sprengt bort og fisken ikkje lenger vil bruke dette som gytefelt, vil inngrepet vere svært vanskeleg å reversere, og området kan ha mista sin funksjon som gytefelt.

Inngrep utanfor ein naturtype kan også gi permanente endringar på naturtypen. Dersom straum og sirkulasjon blir endra på eit gytefelt med god retensjon slik at fiskeegg og -larver blir førte bort frå gytefeltet, vil det kunne endre populasjonsstrukturen hos arten som gyt der. Endring i straum kan også føre til redusert rekruttering om yngelen hamner i oppvekstområde som har dårlegare forhold for overleving og vekst. Ei sentral vurdering vil vere om dei permanente effektane påverkar heile eller berre deler av ein naturtype.

Enkelte permanente tiltak kan vere reverserbare. Om ei ålegraseng blir fjerna, vil den kunne etablere seg på nytt om området blir tilbakeført til mudderbotn, men det vil alltid vere ei viss usikkerheit knytta til ei slik tilbakeføring.



HI 043440

Lokalisering av akvakulturanlegg herunder ventemerder for villfisk

Oppdrettsanlegg vil kunne fungere som en vedvarende kilde til utslipp som vil kunne påvirke og bunndyrssamfunn i anleggenes nærhet. Noen arter vil kunne dra nytte av avfallet fra oppdrettsanleggene, mens andre arter vil forsvinne.



Tare

Taretråling

Taretråling har betydeleg innverknad på plante- og dyrelivet i og ved tareskogen. Kvart år blir ca. 150 000 tonn tare tråla langs kysten frå Rogaland til Nordland. Tråling lager trålgater som endrar tareskogen sin struktur og alderssamansetting.



HI 036680

Dumping av avgangsmassar frå gruver

Konsekvenser av dumping av avgangsmasse frå gruver kan vere omfattande med utgangspunkt i kjemikaliar som blir benytta og mengde som blir deponert.



Fugl som samles for å spise rester av fisk

Neddykking av ferskvassavløp i sjø

I tilfelle der det er aktuelt å legge ferskvassavløp neddykka i sjø, for eksempel kloakkleidningar og avløp frå fiskeindustri, er det særleg viktig å ta omsyn til gyteområde. Havforskingsinstituttet vil ikkje anbefale neddykka avløp med ferskvatn på gytefelt.



en hånd som holder et lite rør med vann i

Andre utslepp til sjø som kjemikaliar, tunellvaskevatn eller liknande

Utslepp av kjemikaliar frå industri, avrenning ved vasking av tunellar, vasking av marine installasjonar eller liknande til sjø vil kunne skade marint liv i nærliggande habitat.



HI 042231

Mudring ved utdyping og legging av vannledninger og andre kabler samt utdyping for båthavner

På bløtbunn vil utdyping av farled foregå gjennom mudring ved å fjerne masser. For naturtyper som bløtbunnsområder og ålegress vil omfattende mudring representere en permanent ødeleggelse av naturtypen.



Illustrasjonsfoto som viser registrering av lydbølger ved seismikkskyting

Undervannssprenging ved utdyping av farled, bygging, sprenging av miner, og andre detonasjoner som gir trykkbølger under vann

Sprenging vil gi permanente topografiske endringer av havbunnen som kan være ødeleggende for en naturtype. Tareskog vil være avhengig av hardbunn for å få feste.



Masseuttak

Dumping av overskotsmasse frå bygging av tunnel, veg eller anna på land

Dumping og utfylling av masse frå tiltak på land kan skade ulike naturtypar. Omfanget av skadar vil vere avhengig av om massane vert dumpa som større steinar eller finknust partikulært materiale. Massane sin kjemiske samansetnad og innhald av for eksempel tungmetall og organiske miljøgifter vil også vere viktig for å vurdere skadepotensialet.



Molo

Utfyllingar i sjø som moloar, kaiutbygging og liknande

Mange plansaker i kystsonene vil ha bruk for å utvide areal på land ut i marine område. Dette vil som regel skje ved å fylle ut masse i sjøen slik at botnen blir heva til over havnivå. Dette kan skje i stort omfang som større kaiutbyggingar, eller i mindre omfang der ein for eksempel vil heve enkeltpunkt for støtte for bru-kar.