Gå til hovedinnhold

Dumping av overskotsmasse frå bygging av tunnel, veg eller anna på land


Masseuttak

Dumping og utfylling av masse frå tiltak på land kan skade ulike naturtypar. Omfanget av skadar vil vere avhengig av om massane vert dumpa som større steinar eller finknust partikulært materiale. Massane sin kjemiske samansetnad og innhald av for eksempel tungmetall og organiske miljøgifter vil også vere viktig for å vurdere skadepotensialet.

Midlertidige effektar

Påverknad i form av utslepp av kjemikaliar, utslepp av tungmetall og spreiing av finstoff vil kunne ha midlertidige effektar på eit område. Særleg finpartiklar kan gjere skade ved nedslamming av egg og interaksjon med fiskelarvene sitt næringsinntak. Finpartiklar kan feste seg på fiskeegg, sjølv i så lave konsentrasjonar som 3 mg/liter. Egga kan få auka eigenvekt av dette og søkkje. Plankton som er viktig mat for fiskelarver og yngel, kan ete små mineralpartiklar, og dermed kan vekst og overleving hos fisk i tidlege livsstadium bli påverka indirekte. Ein ser også at miljøgifter ofte er knytta til finpartiklar. Eit vanleg avbøtande tiltak vil vere å nytte siltgardin. Ei siltgardin vil vanlegvis ha ei bestemt maskeopning slik at den held tilbake partiklar utover denne. Eit problem i denne samanheng kan vere at siltgardina ikkje kan ha for liten maskeopning og at også svært små partiklar (< 0,04 mm) kan ha negativ effekt for blant anna fiskeegg og -larver.  

Om tiltak skal gjerast i eller i direkte nærleik til gyteområde, rår Havforskingsinstituttet til at anleggsperioden i størst mogleg grad blir lagt utanfor gyte- og larveperioden for fisken, slik at effektane blir minst moglege. Dersom inngrepet er stort og vil gi ei varig endring av topografien, må inngrepet vurderast mot kor viktig gyteområdet er.

Permanente effektar på ålegras og andre oppvekstområde 

Dumping av masser på grunt vatn kan permanent øydelegge naturtypen som blir påverka, men også gjere skade der det ikkje nødvendigvis er kartlagt naturtypar. Grunne område i kystsona fungerer ofte som oppvekstområde for ulike fiskeslag. Ein del av desse vil vere kartlagde som ålegrasenger eller tareskog, men også relativt naken grus- og sandbotn der det veks raudalgar, har vist seg å vere gode oppvekstområde for blant anna torsk. Grunne sandflater kan vere gode oppvekstområde for flatfisk, der yngelen kan grave seg delvis ned for å unngå predatorar mens han venter på at byttedyr kjem forbi. Grunne område er ofte avgrensa i utstrekning, særleg inne i fjordane.

Overskotsmasser frå sprengstein vil innehalde nitrogenoverskot frå sprengstoff. Dette kan bidra til gjødsling av algar, særleg om slike masser vert dumpa i relativt innelukka farvatn. Massane inneheld vanlegvis også rester av plast frå tenningssystema til sprengstoffet. Slike plastleidningar kan bli til mikroplast når dei blir eksponerte for sol og bølger i det marine miljøet. 

Referansar:

Hessen D. (1988) Biologiske effekter av partikler i vann. Limnos 3/88

Page M. (2014) Effects of total suspended solids on marine fish: Pelagic, demersal and bottom fish species avoidance of TSS on the Chatham Rise. Prepared for Chatham Rock Phosphate. NIWA rapport WLG 2014-7. National Institute of Water & Atmospheric Research Ltd, New Zealand. https://www.epa.govt.nz/assets/FileAPI/proposal/EEZ000006/Applicants-proposal-documents/5f52d0848a/EEZ000006-Appendix28-Page-2014b-TSS-and-Fish.pdf

Page M. (2014) Effects of total suspended solids on marine fish: Eggs and larvae on the Chatham Rise. Prepared for Chatham Rock Phosphate Ltd. NIWA rapport WLG 2012-61. National Institute of Water & Atmospheric Research Ltd, New Zealand.  https://www.epa.govt.nz/assets/FileAPI/proposal/EEZ000006/Applicants-proposal-documents/f2819f56f0/EEZ000006-Appendix27-Page-2014a-TSS-Eggs-and-Larvae.pdf

Reinardy,H.C., Pedersen, K.B., Nahrgang, J., & Frantzen, M. (2019). Effects of mine tailings exposure on early life stages of Atlantic cod. Environmental Toxicology and Chemistry 38: 1446–1454. https://doi.org/10.1002/etc.4415

Winther-Larsen, T. (2013). Siltgardiner. Funksjon, tilpassing og oppfølging. Statens Vegvesens Rapporter nr. 205. 35 s.  https://www.vegvesen.no/Fag/Publikasjoner/Publikasjoner/Statens+vegvesens+rapporter/_attachment/446565?_ts=13d44c902e8&fast_title=SVVrapport+205+Siktgardiner.pdf